Det vert nemleg rapportert om mykje fisk i alle lakseelvane i Ørsta.

– Alt ligg til rette for ein kjempestart i Ørstaelva. Mykje fisk gjekk tidleg opp i elva, og det er observert laks både i Åmdalselva og Follestadelva, fortel Sindre Moe i Ørsta Jeger og Fiskarforeining.

Han fortel at det ikkje er kvardagskost å sjå laks gå opp så tidleg i Ørstaelva som han gjorde i år.

– Allereie 25. mai vart det observert laks på Melsgjerdet. Det er uvanleg. Kva som er årsaka til at laksen har gått så tidleg opp i elva er vanskeleg å seie. Det har vore ei stigande kurve for laksefisket lokalt siste åra. Kultiveringsarbeidet vårt viser nok også resultat, seier Moe.

Også i Bondalselva vert det meldt om mykje laks i elva.

Uvanleg mykje

– Opninga av sesongen kan verte veldig bra for Bondalselva. Vi har registrert veldig mykje fisk i elva, og meir enn vanleg. Laksen kom tidleg, og har er observert både på Rekkedal og Årset. For fjorten dagar sidan såg vi fem storlaksar under Årsetbrua. Det har vi aldri sett før. Siste tida har det også gått opp ein del pjakk i elva, fortel Bjørn Urkegjerde.

Også han trur godt kultiveringsarbeid no gir resultat.

Laksesesongen startar ved midnatt natt til torsdag. I Ørstaelva er det lov å fiske to laksar eller pjakk per døgn. Og ein kan ikkje fiske meir enn ti fiskar for sesongen som varer ut juli. Laks og pjakk tel likt.

I år vert den populære Granhølen på Melsgjerdet stengd for fisking. Årsaka er at det vert bygt bru over elva.

– Elva vert stengd med sperreband eit stykke ovanfor og nedanfor hølen. Det er omsyn til tryggleiken i samband med bygginga av brua som gjer at vi stengjer hølen, fortel Moe.

Både i Ørstaelva og i Bondalselva er det forbode å fiske aure denne sesongen. Årsaka er at stamma må byggjast opp. – Det er att lite gytefisk no, difor må all aure som vert landa kastast ut at i elva, fortel Sindre Moe.

Det har kome restriksjonar for fiske i fjordane i fylket for fiske etter laks og sjøaure. Moe minner om at det er Fylkesmannen, og ikkje dei lokale fiskeforeiningane som står bak dette.

Også på Bjørke og Vartdal skal det vere observert mykje laks i elva. Det kan såleis gå mot ein kanonsesong for laksefiskarane som om kort tid kan kaste seg over elvane.