Ikkje lenge etter at Christian Gaard ved Daniel Storeide fekk vite at dei hadde fått tilslaget på å drive skyssbåten i Hjørundfjorden, sette Storeide sjølv kursen for Balestrand. I Fjærlandsfjorden har MS Tollesund gått turistruter i fleire år. Storeide sjølv har vore i Balestrand ei veke for å gjere kjend med den nye båten som no skal inn som skyssbåt i Hjørundfjorden.

– Eg hadde ein veldig fin tur frå Balestrand til Trandal, og turen kunne gjerne ha vore endå lengre for min del. Tysdag var båten på plass i Hjørundfjorden, og jomfruturen med passasjerar frakta til og frå Christian Gaard vart gjennomført onsdag, seier Storeide som allereie har funne seg godt til rette i MS Tollesund.

45 passasjerar: MS Tollesund vart bygd i 1984 og har plass til 45 passasjerar.

Passasjerbåten vart bygd i 1985, er seksten meter lang, fem meter brei, veg tjue tonn, har ei toppfart som bikkar 30 knop og kan ha 45 passasjerar. Frå før vert båtane Øysvinn og Baltazar nytta til å frakte gjestar og turistar i Hjørundfjorden, men Storeide har planar om å selje Øysvinn og ha to operative båtar. MS Tollesund vart lagt inn i tilbodet som Christian Gaard fekk tilslaget på med Ørsta kommune førre veke.

Storeide, som er utdanna styrmann, seier at det fleire ting som gjorde at lysta til å drive skyssbåt kom.

– Eg vart oppsagt frå jobben min i offshore i vår. Då kom sjansen og tankane om å drive skyssbåt på Hjørundfjorden. Dette hadde nok vore vanskeleg å seie opp jobben i offshore i desse tider for å satse på skyssbåtdrift. I og med at eg hadde Øysvinn har eg hatt tankar om å drive skyssbåt tidlegare og, og vore i kontakt med Ørsta kommune.

Tilbodet som Christian Gaard no har fått tilslag på gjeld frå 16. juni i år og ut 2020. Dermed er Storeide sikra drift i tre og eitt halvt år når han tek over komande veke. Beskjeden om at Christian Gaard fekk tilslaget på tilbodet vart teke imot med jubel.

– Vi har fått alvorleg mange gode tilbakemeldingar, og det er veldig kjekt. Eg hadde lagt inn kjøpet på MS Tollesund før eg fekk vite om vi hadde fått tilslaget eller ikkje, og det var ein råsjanse vi tok. Utan dette i botnen hadde det kanskje blitt vanskeleg å drive skyssbåt.

Turisme: MS Tollesund har allereie frakta dei første gjestene til og frå Christian Gaard, og vil etter kvart bli eit attkjennande syn i Hjørundfjorden.

Sjølv om Storeide berre er 27 år har han mange års erfaring bak roret. Saman med systera Lenita og sambuar Ivonne driv han og Christian Gaard, og MS Tollesund vil gå inn i totalpakken som Christian Gaard tilbyr.

– Eg ser at det aukar veldig med turisme i Hjørundfjorden, og behovet på Christian Gaard for ein større båt var aukande. Med MS Tollesund på plass kan vi no tilby ein heil pakke til dei fleste gruppene som vil besøke oss. Vi kan frakte dei, gi dei mat og drikke og gje dei heilskapleg pakke. Vi ønsker og å frakte turistar til alle som driv med turisme i Hjørundfjorden, og har von om eit vidare godt samarbeid med desse aktørane.

– MS Tollesund vil bli å sjå på Hjørundfjorden i mange år framover?

– Det er det vi har von om, seier Storeide.

I tillegg til å frakte turistar har Christian Gaard frå komande veke ansvar for skuleskyss på Hjørundfjorden, arbeidsrute, frakte heimesjukepleia og å vere i beredskap om det skulle skje akutte hendingar.

– Som skuleelev i Hjørundfjorden har eg sjølv teke kommunebåten både til skule og bading, og desse rutinane kjenner eg godt.

I helga vil MS Tollesund frakte gjeste til og frå Trandalrock, og frå torsdag i neste veke er også båten kommunal skyssbåt.

– Det er vi spenna klare for.