– Eg vart veldig glad då eg fekk spørsmålet «Kva er viktig for deg». Kommunikasjon og samarbeid er alfa og omega i ein opptreningssituasjon, og eg vart så positiv og motivert av å få spørsmålet frå kvardagsrehabiliteringa, seier Asbjørg.

Tysdag vart Kva er viktig for deg?-dagen markert i heile Noreg. I Ørsta kommune stilte kvardagsrehabiliteringsteamet og dei tilsette spørsmålet «Kva er viktig for deg». Målet er at dette spørsmålet skal få ein meir sentral plass i heile helsetenesta i kommunen.

– Det handlar om å flytte fokuset frå å spørje «kva feiler deg?» til «kva er viktig for deg?». Vi ønskjer at den einskilde skal oppleve å bli høyrt gjennom å få spørsmålet, seier Monica Gustavsen i kvardagsrehabiliteringsteamet i kommunen.

I år er det tredje året på rad at Kva er viktig for deg?-dagen vert markert i Ørsta kommune. Dagen skal tydeleggjere ei retningsendring i helsevesenet basert på ei helsefremjande tilnærming og ei styrka pasientrolle. Erfaringar viser at aktiv deltaking i utforming av eigne mål for brukarane aukar motivasjon og styrkar eigenmeistringa.

– Målet med å stille spørsmålet «kva er viktig for deg?» er å løfte fram brukaren sine ressursar og gjere kvardagen til den einskilde best mogleg. Det handlar om å lytte, involvere og gi rom for brukarmedverknad når det gjeld retning i deira eigne liv.

Erdal hamna på korttidsavdelinga på Ørstaheimen etter eit brot i foten, men var raskt lysten på å kome seg heim. Ho kan ikkje få rosa hjelpa ho har fått frå kvardagsrehabiliteringa og heimesjukepleia nok.

– Eg fekk spørsmål om kva mine ynske og mål var, og det trur eg ikkje alle får oppleve. Mange er ikkje vande med å bli spurde, og det er viktig at dei får spørsmålet om kva som er viktig for dei. Eg fekk sette mine eigne mål for opptrening, og fekk bestemme kva slags øvingar vi skulle ha kvar gong eg fekk besøk. Eg har kome langt, måla er nådd og det har gått fort, seier Erdal som understrekar at ho vart glad av møtet med helsevesenet og vonar at fleire får den same opplevinga som ho fekk.

I tillegg til å stille spørsmålet «Kva er viktig for deg?» hadde dei tilsette i helsetenesta ein gjennomgang av dagen. Kvardagsrehabiliteringsteamet har fått positive tilbakemeldingar både frå brukarane og dei tilsette. Gjennom dagen delte teamet ut buttons, info om dagen og bilete med snakkebobler til alle avdelingane på Ørstaheimen, begge dagsentera, Bakk-Ola-marka og heimesjukepleia avdeling aust, vest og på Vartdal.

Vartdal: Tilsette på Vartdal helsetun og tilsette i heimebasert omsorg stilte spørsmålet «Kva er viktig for deg?» tysdag. Foto: Privat
Heimesjukepleia: Heimesjukepleia sone aust og vest i sentrum hadde på seg buttons tysdag og tok del i markeringa av Kva er viktig for deg?-dagen. Foto: Privat
Hagestova: Brukarane på dagavdelinga Hagestova viser fram snakkeboblene og tilbakemeldingane på dagen. Foto: privat