2017 fram til og med mai har vore vêrmessig vore nær eit normalår nedbørsmessig ut frå tala som vêrstasjonen til Arild Stokke har loggført i Ørsta. Vintermånadane gav oss ikkje like mykje snø som både skisentera og dei skiglade hadde von om, og januar vart fleire grader varmare enn normalt.

– Makstemperaturen i januar var 12,2 grader 9. januar, og minimumstemperaturen var minus 9,8 16. januar. Snittemperaturen var 2,6 grader, og der er 3,3 grader over normalen, seier Stokke.

Det kom 324 mm med nedbør i årets første månad, og normalen er 205 mm. Totalt var det 25 dagar det var registrert nedbør.

Februar vart tørrare enn januar med totalt 159 mm med nedbør. Normalen for månaden er 169 mm. Det var femten dagar med nedbør. Makstemperaturen var 9,8 grader 3. februar, og minimumstemperaturen var minus 8,9 9. februar.

– Snittemperaturen var 1,4 grader, og det er 1,7 grader over normalen.

Mars vart ein normalmånad med ein snittemperatur på 2,8 grader, 0,9 grader over normalen. Det var totalt 21 dagar med nedbør. 167 mm med nedbør vart registrert, og normalen er 176 mm.

Medan mars var bortimot normal vart april ein regntung månad.

– Makstemperaturen var 13,7 grader 30. april, og minimumstemperaturen var minus 3,6 18. april. Snittemperaturen var 4,7 grader, og det er 0,4 over normalen. Totalt var det 273 mm med nedbør, og normalen er 124 mm. Mest nedbør var registrert 7. april med 54 mm.

Totalt var det 23 nedbørsdagar i april.

Mai gav oss mange finevêrsdagar etter ein tung april. Det vart registrert 42,2 mm med nedbør, og normalen er 85 mm. Det var tretten nedbørsdagar i løpet av månaden, og mest nedbør var registrert 25. mai med 18 mm.

– Makstemperaturen var 25,8 grader 27. mai, og minimumstemperaturen var minus 1,6 10. mai. Snittemperaturen var 11 grader, og det er 1,8 grader over normalen, seier Stokke.

Den tørraste mai-månaden som er registrert i Ørsta var i 1911 med 17 mm med nedbør. Så langt i år har det kome 200 mm meir nedbør enn normalt.