Under fellesmøtet for kommunestyra i Hornindal og Volda kommunar var det gjennomført røysting over namnet til den nye kommuna. Kommunestyre gjekk kvar til sitt. Ikkje uventa var kommunestyret i Volda samrøytes om at namnet skal vere Volda kommune. Med ti mot sju røyster gjekk kommunestyret i Hornindal inn for same vedtak som i Volda. Dermed er det bestemt at det nye namnet på kommunen vert Volda kommune.

- Vi visste før kommunestyremøtet at det ville vere delte meiningar. At det vart 10-7 synest eg er betre enn 9-8 slik det kunne sjå ut til tidlegare. Då er det eit litt større fleirtal enn med berre éi røyst overvekt. At vi begge drar i same retning er kjempebra, vi kjem lenger når vi er einige, sa Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel til Volda kommune sine heimesider.