Det fortel konstituert rektor Kristin Riise ved Velle skule.

Det var ein litt uvanleg utedag på Velle skule førre torsdag. Då var alle skulen sine tre hundre elevar ute i det fri. Føremålet var matematikkundervisning gjennom praktiske øvingar, der elevane skulle både rekne og tenkje tal.

Alle elevane var med på dagen. Frå 1. til 3. klasse nytta halve dagen, medan dei øvste klassestega tok heile dagen utandørs.

Lyst til å lære

– Det å kople matematikk undervisning med praktiske øvingar viser seg vere noko elevane synest om. Det skaper lyst til å lære, og tilbakemeldingane er at dette er kjekt, seier Riise.

Eit viktig poeng var også at det var blanda grupper. Elevar frå fleire klasser og klassesteg var miksa. Det var med på å gjere dagen annleis.

Elevane var med på fleire postar. På nokre handla det om rekkjefølgje, frå ein til femti, til dømes. På andre postar vart det kasta eller sparka på blink, og det var om å gjere å få høgast poengsum. På andre postar måtte det reknast for å finne ut korleis ein skulle få høgste poengsummen – og slik vart øvingane spennande og til tider krevjande.

– Det er klart at det er kjekt med dagar utanom det vanlege, og vi håper slike dagar også gjev eit fagleg og sosialt utbytte, seier Riise.

Bruke hovudet

Matematikk vert ofte sett på som veldig teoretisk, men med å ha ein slik utedag, håper Riise at skulen også får vist at matte er veldig praktisk.

– Vi håper at elevane skjønar at matematikk er noko som er med oss heile tida. Det at vi brukar hovudet samstundes som vi er fysisk aktive er berre positivt, seier Riise.

Velle skule tok i bruk heile uteområdet under matematikkdagen, og nytta også idrettsanlegget til Ørsta IL. Alle elvar og lærarar var engasjerte.