(Smp.no): Dette seier grannane Tormod Utne og Per Martin Vikene på Rotevatn i Volda. Dei er begge innflyttarar som har funne seg kvar si jordataus.

Dei to karane hadde ikkje budd her lenge før dei «arva» ein femten år gamal grunneigarmotstand mot bygging av ein ny turveg. Vegen er kostnadsrekna til 25 millionar kroner, og er planlagt lagt heilt ned mot Rotevatnet, på nordsida- og rett tvers av Volda-ikon-fjellet Rotsethornet (652. m.).

Med denne plasseringa vil turvegen, som legg beslag på seks meter areal i breidda, skjere av ei lang rekkje gardsbruk sine atteleger ned mot vatnet. For ikkje lenge sidan vedtok kommunestyret i Volda planen for turveg.

Sjå bileta frå viltkameraet over.

Skjærtorsdag I nitida om morgonen på skjærtorsdag dukka denne oteren opp i viltkameralinsa, før han dukka også bokstaveleg tala - og forsvann i elva ned mot Rotevatnet. Foto: Privat

Turveg – kontra snarveg

– Med vedtaket av turveg føler vi sterkt på at kommunen vår har teke ein lettvint snarveg.

– Dei ønskjer tydelegvis ikkje å ta stilling til om her finst ynglande oter i området eller ikkje. Dette sjølv om eldre grunneigarar kjenner inngåande til oteren sitt nærvær frå tidleg tid, seier Tormod Utne. Saman med grannen Per Martin Vikene valde Utne å ta generasjonen før seg på alvor.

– Dei kunne jo ikkje dokumentere påstandane og faunakunnskapen sin. Men det syner seg at der kan vi yngre og meir ukjende bidra, ved hjelp av ny teknologi, konstaterer Utne.

Viltkamera

I 2014 kjøpte Per Martin Vikene det første viltkameraet, og han rakk å få bilde av oteren før høyringsrunden i kommunen var omme.

– Dette vart det ikkje teke omsyn til, oteren er ikkje eingong på lista over kring ti andre raudlista artar i området. Dermed kjøpte eg endå eit kamera og rigga opp, fortel Vikene. Saman med Tormod Utne fann han tydelegvis gode stader å rigge opp dei to små bildemaskinane.

– Svigerfar min, Greg Rotevatn, var heilt klar i si tilråding om kvar vi burde plassere utstyret – i ei elv og ved ei dyrkingsrøys av grov stein.

– Tilrådinga hans slo til, nærast frå første dag, konstaterer Tormod Utne. Han har no redigert ein film om oterproblematikken – og lagt ut på nettet.

– På få dagar har filmen fått over tusen visingar. Det gjev oss i alle fall håp om at vi ikkje utan vidare kan teiast i hel av kommunen i denne saka, seier Utne. Han har personleg sendt klage til fylkesmannen, med påstand om sakshandsamingsfeil. Fylkesmannen har ein gong tidlegare stogga turvegprosjektet – grunna sakshandsamingsfeil. Då var fokuset eit feilfundert vedtak om naustbygging i turområdet.

Oterfamilie i hagen

Tormod Utne vedgår gjerne at han har lese seg grundig opp på arten lutra lutra, oter. Og at han personleg har fått særleg sansen for arten.

– Då vi starta tomtearbeidet her i 2014, fekk eg ei heilt spesiell naturoppleving. Saman med to frå Berknes Maskin as fekk eg sjå ein oter med tre ungar leike og ta seg oppover langs Rotevasselva. Ho svingar mellom storstein og bygningar rett forbi tomta vår.

– Dette var ei naturoppleving som sette spor, og som gjer at eg kjenner eit særleg ansvar for å følgje opp – der eg føler at kommunen sviktar. Dei neglisjerer både Bern-konvensjonen og Naturmangfaldslova, hevdar Utne bestemt.

– Når kommunen no også har starta arbeidet med å byggje ein ny bilveg forbi her – inkludert og og separat gangveg – parallelt i snitt berre 200 meter frå den planlagde turvegen, då heng vi dessverre ikkje heilt med, seier Tormod Utne og Per Martin Vikene. Rådmann Rune Sjugard var ikkje kjend med klaga i går.

– Har dei klaga blir det truleg nye rundar. Det må vi berre avvente, seier Sjurgard.

Av Knut Arne Aarset/Sunnmørsposten

Saka vart først publisert på smp.no.