Foreininga fekk nyleg melding om at Kulturdepartementet gjev 557.000 koner i spelemidlar til tilrettelegginga av Saksaråsa og Urkeegga.

– Dette var meir enn kva vi søkte om, og gjer at vi kan slette lånet i Sparebank 1, og dermed også slette den kommunale garantien, seier Forbord.

Det er den store dugnadsinnsatsen som gjer at Saksa Turstiforeining får meir pengar enn det er søkt om.

Og med pengar på bok, kan Saksa Turstiforeining gå endå eit steg vidare med tilrettelegging i fjellheimen ovanfor Urke.

– Det vert meir trappelegging denne sommaren i Saksaråsa, vi kan endre traseen på råsa ned frå Klokksegga til parkeringsplassen ved Myrsætra, noko som vil gjere det enklare for folk, og vi kan kome i gang med prosjekta med gapahuk på Klokksegga og restaurering av eit sel i Leknesdalen, fortel Forbord.

Saksa Turstiforeining får spelemidlar frå ein pott som er øyremerkt til løypetiltak i fjellet. Denne ordninga sorterer direkte under Kulturdepartementet, og tildelinga skjer etter tilråding frå Den Norske Turistforening (DNT).

– Vi er takksame overfor DNT, som hjelpte oss med å forme søknaden, seier Forbord.

Han sender også ei varm takk til alle eldsjelene i Saksa Turstiforeining som alle på sin måte har medverka til å få dei ymse prosjekta i hamn.

10.000 besøkande

For snart to år sidan vart Saksaråsa offisielt opna etter at sherpaer frå Nepal laga ein spektakulær trappetrase gjennom ura under toppen. I fjor vart også deler av den nedste traseen, før Bentebu, også trappelagd.

Og i fjor opna også Urkeegga, der folk kan gå ein lang og flott fjelltur over Maudekollen og Klokksegga.

Tiltaka som Urke-folket har fått til, har vorte teke svært godt i mot. Til dømes var det kring 10.000 noteringar i bøkene på Saksa det fyrste året etter at trappene vart lagde.

– Det har vore eit eventyr. Men der vi dei fyrste åra sette oss i gjeld, har vi no styrevedtak på at vi byrjar berre på nye prosjekt når vi veit vi har pengar disponible. Det er ein mykje betre situasjon for ein frivillig organisasjon, seier Forbord.

Takksam: Leiar i Saksa Turstiforeining, Jens Arve Forbord, er takksam for spelemidlar. Foto: Rune Sæbønes