– Vi tek over eit veletablert arrangement, med ei god oppskrift i botnen. Løpet vil verte lagt opp som tidlegare.

Vegard Hundsnes, Magnus Myrene Stokke, Selma Dagenborg, Thomas Vartdal Vinjevoll og Kristian Østgaard har alle takka ja til å drive Saudehornet rett opp vidare. Det var behov for nye krefter, og sjølv om dei nye arrangørane slepp å finne opp krutet på nytt, håper dei at dei kan setje sitt eige preg på det populære motbakkeløpet.

– Vi har mange idear, men det står att å sjå kva vi får til. Vi ønskjer mellom anna å lage litt meir liv og sprell i løypa på veg opp mot toppen. Og er det andre som har lyst til å vere med å arrangere, eller vere frivillige under arrangementet, er det berre å ta kontakt med oss!

Det var langrennsgruppa og friidrettsgruppa i Ørsta Idrottslag som i si tid tok initiativ til Saudehornet rett opp. Gruppene har hatt samarbeid med andre om løpet der eldsjeler gjennom mange år har stått på og trekt i trådane.

– Gjennom femten år har Saudehornet rett opp vore ein stordugnad mellom ulike lag. No har ein kome til eit punkt der det er behov for nye krefter for å arrangere løpet som er svært viktig for kommunen vår, sa Siri Dahl, Erlend Andersen, Svein Steinnes og Odd Magne Vinjevoll til Møre-Nytt i januar.

Dei har alle hatt aktive og sentrale roller i og rundt Ørsta sitt motbakkeløp.

No er dei nye kreftene på plass, og første helga i august er det klart for det 16. motbakkeløpet til Saudehornet, der turen går frå småbåthamna til toppen av Saudehornet. Løypa er 5,5 kilometer lang, og deltakarane går 1.303 høgdemeter før dei er i mål. Løyperekorden er på utrulege 47,59 minutt, sett av Jon Tvedt i 2007.

– Det er fint å kunne bidra. Nokon må gjere det, og kvifor ikkje oss? Vi er ein fjellglad gjeng, og fleire av oss har vore med på løpet tidlegare. I år får vi vere arrangørar og heiagjeng saman med dei mange andre som bidreg på vegen opp mot toppen.

Dei fem håper at mange lokale vil stille opp, enten som heiagjeng på sidelinja eller som deltakarar.

– Det er svært mange som spring på fjellet i Ørsta, så det er eit bra engasjement i bygda. Vi bur i eit eldorado, seier Magnus Myrene Stokke.

Dei har akkurat opna opp for påmelding til løpet, som også i år vil ha ei eiga mosjonsklasse og ei konkurranseklasse.

– Vi tek sikte på at også barneløpet til Skåla skal gå som normalt. Her er det berre å vere med, så det vert ein skikkeleg folkefest i fjellheimen.