Den oppmodinga kjem frå høgskolelektor Catarina Andersson i formgiving, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.

Søndag 28. mai opnar den tredje utgåva av Kaarstadfestivalen med framsyning av teaterstykket «Grab ’Em By the Blomkål» i teatersalen på Kaarstad-huset. Dramastudentane har teke utgangspunkt i stykket Arturo Ui av Bertolt Brecht. Stykket viser satirisk korleis Hitler kom til makta i Tyskland. Med truslar, smiger og vald klarer Arturo Ui å få økonomisk og politisk makt i byen. Brecht flytta historia om Hitler, riksdagsbrannen og de lange knivars natt til grønsaksmarknaden i Chicago.

– Det som kjenneteiknar Brecht er at han kombinerte det alvorlege med det latterlege. Stykket handlar mykje om retorikk og populisme, og vi kan drage linene fram til i dag, seier dramastudentane Maren Eriksen Lyngbø og Enya Gundersen.

Konsertar

Kaarstadefestivalen varer frå 28. mai til og med 2. juni. Tysdag vil dei første bachelorkonsertane gjennomførast av musikkstudentane. Konsertane vil vere på Rokken og konsertsalen i Kaarstad-huset.

– Det er stort sprang mellom sjangrane som skal framførast. Her er det m.a. jazzfusion, heavy metal og bluegrass. Dei som legg turen innom vil få oppleve fleire uttrykk innan fleire ulike retningar, seier musikkstudentane Sondre Grimstad Arnesen og Robin Windsrygg.

Totalt står det sju konsertar på programmet under Kaarstadfestivalen.

Eivind Karlsen har bokstavleg talt blåst liv i smia ved Høgskulen i Volda att, og vil stille ut ulike gjenstandar som han har laga gjennom sitt bachelorarbeid i kunst og handverk.

– Det er ei fornying og ei vidareføring av det tradisjonelle metallarbeidet, og eg har prøvd å finne nye uttrykk, seier Karlsen.

I tillegg til Karlsen sitt arbeid vil publikum få sjå m.a. utstillingar av 3D-print, foto og toving. Utstillingane vil vere på Kaarstad-huset, Gamlegymnaset (Maurtua) og Brakketun.

– Dette er den tredje utgåva av Kaarstadfestivalen, og det er avdeling for kulturfag som står bak festivalen. Den er for og av studentar hovudsakleg, men det er ope for alle å legge turen innom. Konsertane er gratis og det er og utstillingane og framsyningane. I tillegg har vi kafé på rom 100 på Kaarstad-huset kvar dag. Her er det gratis kaffi og vaflar for dei som er kulturinteresserte, seier Andersson.