Dei første tilreisande kom fredag. Laurdag (i dag) er den store publikumsdagen, med dragshow på Mosflata.

– Med god hjelp frå Aurstad har vi fått utvida vegen slik at det no er mogleg å køyre to bilar samstundes. Det gjer det heile meir spennande. Vi inviterer alle som vil til å vere med, om folk køyrer Toyota, Honda eller amerikansk bil. Her er det høg showfaktor, seier treffleiar Terje Kvien.

Laget har investert i nytt tidtakarutstyr av høg klasse, og publikum kan sjå resultata umiddelbart på ei eiga tavle.

Sunnmørstreffet er veletablert, og har halde det gåande sidan 1984. Amcar Ørsta/Volda er ein stor klubb, med 54 betalande medlemer.

– Det er ei heilt spesiell interesse for bilar her i bygdene, og ikkje berre amerikanske bilar, kommenterer Jarle Alsaker.

Laurdag er det meldt opp til 24 varmegrader, og med godt vêr satsar arrangørane på at det også vert godt publikumsoppmøte og mange deltakarar.

– Det er alltid liv og røre på slike treff, og mykje fint å sjå på av bilar og motorsyklar. Vi fyller heile området ved Fora Form, dei er svært velvillige til å låne vekk parkeringsarealet sitt, seier Kvien.

Laurdag kveld vert det dans på Rokken med Stingray, og søndag er det utstillingsdag med kåring av bilar, og premiering av deltakarar frå racet.

Sunnmørstreffet er eitt av få treff i landet som held det gåande over ei heil helg.

– Dei fleste har berre utstilling og ikkje dragrace, men vi vil gi valuta for pengane, og held det gåande heile helga, til glede for alle bilinteresserte, seier Kvien.

– Her er det berre å møte opp og vere med heile helga. Mat kan de kjøpe med oss i kiosken!