– Sparebanken Møre skal vere med på å bygge sterke lokalsamfunn, og ein del av dette samfunnsengasjementet er å bidra til gode arenaer for idretten. Vi ser at det er eit stort behov for ein idrettshall av denne sorten i Volda, og det er veldig kjekt å få vere med og ta avkastet i dette prosjektet, seier banksjef Mette Ryste i Sparebanken Møre i ei pressemelding.

– Idretten spelar ei viktig rolle for lokalsamfunna og ikkje minst for skulestaden Volda. Volda har i regional samanheng hatt leiande posisjon i hallidrettane – særskilt handball og volleyball, skriv pådrivarane for hallen i pressemeldinga.

Det er stor underdekning på hallkapasitet der dagens kapasitet dekkjer berre 1/3 av etterspurnaden. Hallplanar har eksistert i Volda i om lag 25 år.

Volda Campus Arena skal verte ein moderne idretts-/fleirbrukshall med to speleflater – ca. 5000 kvm

– Prosjektet er viktig for busetnad og næringsutvikling, men framfor alt sentralt for barn og unge sine oppvekstvilkår. Samstundes er det viktig og truleg avgjerande for Volda sitt omdøme – i sin posisjon som regional motor for utdanning. Sparebanken Møre med sitt bidrag gjer at dette er ein stor dag for heile Volda. Vi er eit steg nærare realisering av ny idrettshall.

– Her ser vi nok eit eksempel på at eldsjeler og dugnad er viktig for at bygdesamfunn rundt om skal få realisert små og store prosjekt. Det ligg mykje tankearbeid, timar, energi og ståpåvilje bak Volda Campus Arena, og mykje meir vil det bli. Det er fint om denne gåva kan vere ei kjelde til inspirasjon og føre til at ein får tru på at prosjektet vert realisert. Å byggje idrettshall er eit stort løft for Volda, og det er viktig at vi får til eit samarbeid og ein dugnad rundt dette.