Røv innleidde seremonien med å fortelje at denne hendinga er kjend langt utover Ørsta kommune, og peikte på at både Kong Harald og mange i Australia er oppteken av den dramatiske dagen 5. desember 1944.

Piloten James Austin Hakevill si djerve handling for å stanse det tyske krigsmaskineriet er no oppe til vurdering, og i haust får vi vite om Hakevill får tildelt den høgste dekorasjonen som er mogleg å få tildelt, Victoriakorset.

Guttorm Hagen la ned blomsterhelsingar frå Neil Smith si familie: Lest we forget og Freedom forever (For at vi ikkje skal gløyme og fridom for alltid). Ove Røv la ned helsing frå Frederic Gordon Sides sine søskenbarn i Australia.

President Steinar Hatlestad frå Ørsta Rotaryklubb la ned blomster under minneseremonien. I tillegg vart det lagt ned blomsterhelsing frå Ørsta kommune. Veterangardist Leif Atle Strand avslutta seremonien med militært signal for falne.