(Fjordingen.no): Nemnda for namn og heraldikk har samrøystes gått inn for namnet «Volda» på den nye kommunen som vert samansett av Hornindal og Volda kommunar.

Men ei intern kartlegging har synt at det ikkje er semje i kommunestyret i Hornindal om dette namnet.

I følgje ordførar Stig Olav Lødemel  si uformelle kartlegging kan det sjå ut til at det kan bli eit knapt fleirtal for Volda som kommunenamn, men dette kan endre seg ved fråfall og frammøte av vara.

Hornindalsordføraren orienterte i tysdagsavisa om at dersom det er fare for at kommunestyra kan gå for ulike namnevedtak,  har fylkesmannen fått delegert mynde til å kalle inn til møte. Men fylkesmannen har ikkje mynde eller heimel til å kalle inn til felles kommunestyremøte før etter stortingsvedtaket 8. juni, difor blir det planlagde fellesmøtet avvikla utan fylkesmann Lodve Solholm.

– Dersom vi får eit felles vedtak i Hornindal og Volda kommunestyre er alt greitt. Då kallar fylkesmannen ikkje inn til møte. Dersom vi får ulike vedtak i Hornindal og Volda kommunestyre må fylkesmannen kalle inn til møte etter 8. juni,  seier Stig Olav Lødemel.

Av Gunnhild Sindre, Fjordingen

Saka vart først publisert av Fjordingen.