– Det er berre å starte vegbygginga i Hornindal. Vi har det som skal til, og er klare. Heile bransjen vår ventar på nye oppdrag.

Det seier Kjell Arne Aurstad, styreleiar i entreprenørfirmaet KA Aurstad AS i Ørsta, til smp.no. Dei har hatt mykje å gjere med ny E6 i Gudbrandsdalen dei siste åra. Men no er denne vegen ferdig, og dei er på jakt etter nytt arbeid.

Tidlegare denne veka skreiv Sunnmørsposten om den dårlege standarden på fv. 60 gjennom Hornindal. Det er i dag Sogn og Fjordane fylkeskommune som har ansvar for vegen, som lenge har vore eit problem for transportørane som fraktar varer frå fabrikkane på Stranda til marknaden.

Fylkeskommunen varslar at dei ikkje vil prioritere han no, m.a. fordi vegen skal overførast til Møre og Romsdal fylkeskommune når samanslåinga av Volda og Hornindal er fullført. Dei vil heller ikkje prioritere asfalt til vegen.

Blokkert av Sogn og Fjordane

– Vi har allereie eit vedtak i fylkestinget, fremma av meg, som seier at Møre og Romsdal kan forskottere fylkesveg 60. Men problemet er at hittil har dette blitt blokkert av Sogn og Fjordane, seier Frank Sve (Frp), samferdselspolitikar frå Stranda, til smp.no.

– Difor er det ikkje ein dag for tidleg at Hornindal går over til Møre og Romsdal. Stryn og dei andre kommunane i Nordfjord bør følgje etter. For det blir ikkje lett å vinne fram i samferdslesaker når Sogn og Fjordane går saman med Hordaland, trur Sve.

Fylkesveg 60 blir tema i møtet til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 7. juni.

Les meir på smp.no.