Det viser nye tal som Statistisk Sentralbyrå publiserte denne veka.

Volda hadde ein folketalsvekst på 20 personar i første kvartal. Det var 9.122 folkeregistrerte personar i kommunen ved utgangen av første kvartal.

Ørsta hadde ein folketalsvekst på ni personar i førstekvartal, og det budde 10.753 personar i kommunen ved utgangen av kvartalet.

I begge kommunane kom folketalsveksten som følgje av innflytting. Volda hadde eit fødselsunderskot på 3, medan det var 4 i Ørsta. Volda hadde ei nettinnflytting på 23 personar, medan nettoinnflyttinga var 13 personar i Ørsta. Innflytting er ein kombinasjon av innanlandsk flytting og innvandring frå utlandet.

Søre Sunnmøre

Ulstein hadde den nest sterkaste folketalsveksten på Søre Sunnmøre i første kvartal, med 15 personar. Her kjem veksten som følgje av eit fødselsoverskot på 15 personar. Flyttetala til Ulstein er negativ, med ei nettoutflytting på 5 personar.

Både Ulstein og Volda har faktisk sterkare folketalsutvikling enn Ålesund i første kvartal. Folketalet i den største byen i fylket vaks med berre 13 personar i første kvartal.

Dei andre kommunane på Søre Sunnmøre har negativ folketalsutvikling i første kvartal: Vanylven (-2), Sande (-1), Herøy (-9) og Hareid (-1).

Nordfjord

I Nordfjord utmerkar Eid seg med sterk folketalsutvikling. Folketalet auka med 19 personar i første kvartal. Kommunen hadde både fødselsoverskot (+13) og nettoinnflytting (+6) i første kvartal.

Stryn hadde ein vekst på seks personar i første kvartal, takka vere nettoinnflytting. Hornindal gjekk opp med to personar, og klatra dermed over 1.200-grensa igjen.

Folketalet i utvalde kommunar ved utgangen av første kvartal var som følgjer (vekst i parantes).

Ålesund: 47.212 (+13)

Ørsta: 10.753 (+9)

Volda: 9.122 (+20)

Sula: 9.011 (+4)

Herøy: 8.948 (-9)

Ulstein: 8.472 (+15)

Giske: 8.216 (+40)

Sykkylven: 7.689 (-6)

Stryn: 7.224 (+6)

Eid: 6083 (+19)

Hareid: 5.184 (-1)

Skodje: 4.669 (+2)

Stranda: 4.590 (-33)

Vanylven: 3.201 (-2)

Sande: 2.539 (-1)

Hornindal: 1.200 (+2)