Statens vegvesen presiserer overfor ein trafikant at bilane som kjem køyrande ut frå parkeringsplassen til Ørsta Amfi har vikeplikt. Trafikanten har vendt seg til vegvesenet fordi han ein dag då han kom køyrande ned mot Amfi opplevde å måtte stoppe opp for bilar som kom køyrande ut frå kjøpesenterområdet.

– Trafikk som kjem frå parkeringsplass har vikeplikt for trafikk på veg som er open for allmenn ferdsel. Vert ikkje dette etterfølgt, bryt vedkomande trafikkreglane, heiter det frå vegvesenet.