Det melde selskapet i ei børsmelding tysdag morgon.

Saferoad vart danna i 2007 som eit resultat av ei samanslåing av dei to norske selskapa Ørsta-gruppen og Euroskilt-gruppen. Saferoad vart kjøpt av investeringsselskapet Nordic Capital i 2008, og har sidan den gong gjort fleire strategiske oppkjøp i Norden og Europa, mellom anna ioppkjøpet av ViaCon-gruppen i 2010.

Målet med børsnoteringa er å støtte vekststrategien til Saferoad, og sikra ein berekraftig og langsiktig aksjonærbase.

- Under Nordic Capital sin eigarskap har Saferoad utvikla seg frå å vere ein skandinavisk leverandør av vegtryggingsprodukt. Vi er no godt posisjonert for vidare vekst og til å starte på neste etappe på reisa vår, seier Morten Holum, adm.dir. i Saferoad, i børsmeldinga.

- Leiinga og dei tilsette har lagt ned hardt arbeid med å bygge eit sterkt Saferoad og selskapet er no klar for vidare vekst i ein marknad som ser lovande ut. Styret ser på børsnoteringa som både eit logisk og positivt neste steg i utviklinga av selskapet, seier Johan Ek, styreleiar i Saferoad.