Dermed er det for fyrste gong på plass eit offentleg tilbod av dette slaget for høyrselshemma i regionen.

– Det har tidlegare vore private tilbod både i Ørsta og Volda, og det har vore gode tilbod. Men vi har hatt eit sterkt ynske om å få på plass eit offentleg tilbod med Hørselssentralen, og er glade for at det no er på plass, seier Øye.

Hørselssentralen til Helse Møre og Romsdal held til på Ålesund sjukehus. Framleis vil det vere slik at utgreiingar, høyrselsprøver og samtalar med spesialist vil vere der, fortel audiograf og leiar for Hørselssentralen, Gøril Nordstrand.

– I Volda vil vi tilby kontrollar, tilpassingar av høyreapparat, justeringar og reparasjonar, fortel Nordstrand.

Hørselssentralen vil ha kontordag i Volda kring to dagar i månaden, og då etter avtale med brukarane. Det vil vere to audiografar til stades kvar dag.

Det har vore eit krevjande arbeid å få på plass eit offentleg tilbod ved Volda sjukehus. Det som løyste floken, var faktisk at Hørselssentralen i Ålesund fekk nye lokale ved Ålesund sjukehus.

– Det gjorde at vi fekk redusert ventetidene våre frå eit og eit halvt år, og ned til åtte til ti veker. Dermed fekk vi kapasitet til å ha desse kontordagane i Volda, fortel Nordstrand.

I fyrste omgang er det ei prøveordning, og det vil verte teke ei vurdering av tilbodet ut på hausten.

Bjarne Øye er ikkje i tvil om at tilbodet med kontordagar for Hørselssentralen i Volda, også er med på å styrke Volda sjukehus.

– For oss har det vore viktig at vi med å få Hørselssentralen hit, gjer sjukehuset meir komplett. Det får fleire bein å stå på, seier Øye.

Han er glad for at leiinga og vaktmeistrane ved Volda sjukehus har arbeidd så godt for å finne passande lokale.

Hørselssentralen held til i tidlegare Kløvertun-bygningen på nedsida av sjølve sjukehuset.

Hørselsforeininga i Ørsta og Volda har over tre hundre medlemmer, og det seier noko om talet på brukarar. I tillegg vil brukarar frå heile Søre Sunnmøre kunne nyte godt av det tilbodet som no er på plass ved Volda sjukehus.

Kake: Sjølvsagt måtte opninga verte markert med kake. Magny Bjørneset og Bjarne Øye i hørselsforeininga spanderte. Foto: Rune Sæbønes