Då kjem gourmet-kokk Arild Dybvik til butikken i Ivar Aasen-gata for å lage mat med bruk av dampomn.

– Vi skal leike med mat, for mat er morosamt, sosialt, grensesprengande og essensielt for kvar og ein av oss, opplever Dybvik.

Mat laga i dampomn er den nye, sunne trenden innan matlaging for private.

– Det er første gongen vi arrangerer kokkekurs. Vi gir no eit tilbod som i byane, og håper mange vil kome. Det er berre å møte opp for kven som helst. Vi held to kurs på onsdag, eit om ettermiddagen og eit om kvelden, fortel dagleg leiar Yngve Dale i Dale Vindu & Interiør. Deltakarane på kundekvelden får smaksprøver og ekstra gode tilbod på produkt.

Yngve Dale fortel om gode tider for bedrifta med gode ordrereservar.

– Satsinga på interiørarkitekt har vist seg å vere rett. Vi har mange positive tilbakemeldingar på dette, fortel Dale.