Det er status etter brannen i Ørsta kyrkje laurdag ettermiddag, forklarer kyrkjeverje Arnstein Myklebust i Ørsta til Møre-Nytt. Allereie laurdag var fagfolk frå Romsdalsmuseet i Ørsta for å sjå på skadane. Måndag held dette arbeidet fram.

– Det kjem oppover ein konservator frå Bergen i morgon, som skal vurdere skadane. Så får vi sjå om gjenstandane kan takast hand om her, eller om dei må flyttast ut av kyrkja, seier han.

Ein mann i 30-åra med bustadadresse i Ørsta er mistenkt for å ha sett fyr på kyrkja. Han vart teken han om av helsepersonell før han vart arrestert av politiet.

Mannen sette fyr på ei dørmatte utanfor kyrkja, og brannen spreidde seg raskt til kyrkjedøra. Brannen vart raskt sløkt av forbipasserande som såg at mannen tende på kyrkja, og av brannvesenet.

Flyttar første mai-gudsteneste

– Om lag halve kyrkjedøra er brannskadd. Det var også mykje røyk i samband med brannen, og denne røyken gjekk inn i kyrkja, seier kyrkjeverja. Det er røykskadane som gir det mest omfattande reparasjonsarbeidet etter brannen.

Polygon AS startar arbeidet med å vaske ned kyrkja allereie søndag. Gudstenesta søndag vart flytta til Ørsta bedehus. Første mai-gudstenesta måndag blir også halden på Ørsta bedehus. Målet no er at kyrkja skal vere klar til bruk til konfirmasjonsgudstenestene komande laurdag og søndag.

– Det er heilt klart målet vi jobbar mot, men vi er ikkje sikre på at det er mogleg enno, seier Myklebust.

Møre-Nytt kjem tilbake med meir informasjon om konfirmasjonsgudstenestene så snart denne er tilgjengeleg.

– Surrealistisk

Kyrkjeverja seier det var surrealistisk å få meldinga om brann i kyrkja.

– Først håpte vi jo på at det var snakk om ein falsk alarm, men vi skjønte raskt at det var ein reell brann. Det er skikkeleg trasig at slikt skal skje. Kyrkja er jo noko vi håper alle er glade i og vil ta vare på. I ettertid viser det seg at brannstiftinga var eit resultat av sjukdom, og ikkje hat mot kyrkja eller andre, men det er likevel trasig at vi får ein slik brann.

Glad for at det gjekk så bra

Myklebust er likevel glad for at det trass alt gjekk så bra.

– Vi må berre takke dei som såg brannstiftinga og kom til så raskt. Dette kunne gått mykje verre om det til dømes hadde hendt om natta, seier han.

Kyrkja ligg ved sida av Ørsta brannstasjon, og har brannvarslingsanlegg som er direktekopla til 110-sentralen og kyrkjeverja. Myklebust seier det likevel ville teke noko lenger tid å få folk til staden om dette hadde skjedd om natta.

– Ein slik brann fatnar fort, og om flammane spreier seg inn i våpenhuset eller kyrkjeskipet fungerer kyrkja som ein skorstein for flammane, seier han.

Kyrkjeverje: Arnstein Myklebust er kyrkjeverje i Ørsta.arkivfoto Foto: Janne-Marit M. Falch