Kundesørvisrisen «Best i test» vart delt ut under Call Center-dagane. Tussa vann prisen for beste kundesenter innanfor kategorien energi.

– Dette er kjekt! Det er viktig for oss at kundane våre er fornøgde. Straumprodukt er ganske like uavhengig leverandør, både når det gjeld kvalitet og pris. Det å ta godt vare på kundane ved å yte god service, innfri kundane sine forventningar og dekke behova deira, er difor svært viktig. Prisen stadfestar at vi jobbar godt med kundeservice, og vi vil halde trykket oppe for å bli enda betre, seier Per-Are Sørheim, adm. direktør i Tussa-24.

Kundane kom enkelt fram til rett kundehandsamar, som var gode til å lytte og avdekke kundane sine behov. Dei viste god produktkunnskap og gav gode løysingar, heiter det i grunngjevinga til vinnaren Tussa.

Call Center-dagane er Nord-Europas største konferanse innan kundesørvis. Dei kårar årets beste på kundesørvis innan 16 kategoriar. I år var 132 selskap med i vurderinga innan dei ulike kategoriane.