Helikopteret frå Luftforsvaret landa på lufthamna to gonger i løpet av laurdag, og fleire har spurt kva helikopteret gjorde i vårt område.

Møre-Nytt får opplyst at helikopteret landa på Hovden for å hente mannskapar frå skredgruppa til Ørsta Røde Kors. Desse skulle etter planen til Sunndal for å delta i redningsaksjonen etter at tre personar vart tekne av skred.

Over Ørskogfjellet fekk dei returordre, og Sea King-helikopteret returnerte mannskapane til Hovden.

To av dei tre personane kom uskadd frå skredet, medan ein mann i 50-åra var flogen til Ålesund sjukehus i luftambulanse. Han skal ikkje vere livstrugande skadd, men tilstanden er ukjend, skriv Rbnett.