– Dette er ei høgtidsstund for kommunestyret, inkludert underteikna. I meir enn tjue år har eg vore med i debatten om fleirbrukshallen. Dette er ei vi-sak for heile Ørsta kommune med våre 10.700 innbyggjarar, sa ordførar Stein Aam.

Saka vart lagt på bordet med ei kostnadsramme på 180 millionar kroner, noko som var tretti millionar kroner høgare enn den ramma som vart vedteken før jul. Hovudårsaka til dette er at det er lagt til 1,300 kvm meir areal.

Men kommunestyret klaska like godt på ti millionar kroner til. Dette meiner kommunestyret er naudsynt, fordi dette er kostnader som uansett måtte ha kome til på eit seinare tidspunkt.

I forslaget var det til dømes ikkje gjeve plass til teleskoptribunar, ynskt tal garderobar eller lydskiljevegg for klatrarane i klatreveggen.

Gunnar Knutsen (V) tok opp dette.

– Det er litt rart å stå her etter alle desse åra med arbeid for å få til ein ny fleirbrukshall i Ørsta. No er vi på terskelen til oppstart, og vi skal vedta det endelege prosjekt. Etter flyttinga frå Mosflata har vi fått eit prosjekt som er tilpassa fleire brukarar, og hallen har nye funksjonar. Eg har eit ynske om eit best mogleg anlegg for dei neste femti åra, og i det perspektivet vil ikkje dei påplussingane eg no foreslår påverke økonomien vår i stor grad, sa Knutsen.

Han foreslo ei rekkje tiltak, og etter eit gruppemøte var det semje om desse påplussingane: eit femte garderobesett, utvida inngangssone og vestibyle, lager og mobil teleskoptribune, ny parkeringsplass-/utstillingsplass på Mosflata, utvendig tribune med tak mot Ørsta stadion, lydskiljevegg mellom klatrehallen og trippelhallen og kameraovervaking, indre skalsikring og teleslynge i delar av hallen. Nokre av desse tiltaka skal det forhandlast med brukarane om.

Sjølv om det var eit mest samstemt kommunestyre om prosjektet, var det kritiske røyster.

Per-Are Sørheim (H) var ein av dei.

– Vi kjem til å få ein fantastisk idrettshall. Men ein fantastisk dyr idrettshall. Det undrar meg at ordføraren seier at dette ikkje er ein kostnadssprekk. Vi har gjort endringar i siste liten med å flytte halltomta og leggje til nye funksjonar. Det er heilt innlysande at det då vert dyrare. Denne sprekken svarar til ein skule Hovdebygda og Sæbø gjerne skulle ha hatt, sa Sørheim.

Også Odd Magne Vinjevoll (Frp) var kritisk.

– I Noreg greier vi å byggje modulbaserte hallar med tre speleflater for 90 millionar kroner. Men ikkje her, sa Vinjevoll. Han ville etter kvart ha saka utsett, men fekk berre røystene til partikollega Idar Vatne og Marit Aklestad (SV).

Paul Kristian Hovden (KrF), som var kritisk til flyttinga av hallen frå Mosflata, var glad for at prosjektet no vert realisert.

– Vi får eit prosjekt langt betre enn kva nokon kunne drøyme om. No er det om å gjere å kome i gang og fylle huset med aktivitet snarast råd. Vi vil få ein bygning mange vil misunne oss.

Marit Aklestad (SV) var uroa over dei auka kostnadene.

– Eg opplever at småsummane eg ofte fremjar, vert avviste, medan millionane her berre flagrar, sa Aklestad

Ordførar Stein Aam, avslutta debatten, og poengterte at nettoramma til kommunen, etter momskompensasjon, spelemidlar m.a., ville vere på maks 118 millionar kroner.

– No er eg utruleg letta og stolt. No er vi i mål i ei stor sak, sa Aam, og tok eit hopp ned frå talarstolen og sette telemarksnedslag.

Forslag: Gunnar Knutsen insisterte på å utvide kostnadsramma. Foto: Rune Sæbønes