Kommunen må enkelte stader bruke svakare lyspærer enn ønskjeleg i gatelysa fordi det ikkje er plass til større pærer i gammal armatur. Dette går ut over lyskvaliteten.

Møre-Nytt har vorte kontakta av fleire som meiner gatelysa rundt om i kommunen har vorte dårlegare etter at det no vert bytt lyspærer i dei.

– Eg er samd i at kvaliteten på lysa nokre stader kanskje ikkje er tilfredsstillande, utan at eg vil seie at lysa er dårlege, seier ingeniør Arve Folkestad i Mørenett.

Han er Mørenett sin ansvarlege for det som handlar om gatelys. Ørsta kommune leiger tenester frå Mørenett som har ansvar for å byte ut gatelysa på dei kommunale vegane i kommunen.

I motsetnad til Statens vegvesen som har høge og faste krav til standarden på gatelys på riksvegane, er det ifølgje Folkestad mykje opp til kommunane sjølve å bestemme kva lysstandard dei kommunale gatelysa skal ha.

Når Ørsta kommune no får bytt ut pærene i gatelysa, vert nye og moderne LED-pærer brukt i gammal armatur. Dette gjer at armaturane må byggjast om. Og i nokre tilfelle er det slik at LEED-pærene som er ønskjeleg å bruke er så store at dei ikkje passar i armaturen. Dermed må svakare pærer i staden brukast. Og gatelysa vert svakare enn ønskjeleg.

– Men generelt er ikkje lyskjelde-verdien på LEED-lampene dårlegare samanlikna med dei gamle pærene. Men det kan verte opplevd slik fordi spreiinga i gammal armatur er annleis, og dei gamle pærene spreidde lyset på ein betre måte, seier Arve Folkestad.

Lysstyrkeberekningar syner også at det nokre stader i kommunen har vore gatelys med for sterke pærer enn det krava krev, noko som har ført til at dei no er bytt ut med svakare pærer.

– I dag brukar vi stort sett 30 watts LEED-pærer, noko som svarar til 70 watt for dei eldre pærene, fortel Folkestad.

Betre i Volda

Medan Ørsta kommune no brukar nye pærer i gammal armatur, har Volda kommune ei anna haldning til gatelysa. Volda kjøper inn nye LEED-lampar med ny teknologi. Dette gjer det enklare å styre lyset.

– Pærene lyser ikkje nødvendigvis meir, men dei spreier lyset på betre måte. Dette er ei betre løysing, utan at eg på nokon måte vil kritisere Ørsta si handtering av gatelysa, seier Arve Folkestad.

Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot er samd i at fleire av gatelysa i sentrum lyser for dårleg.

– Vi er ikkje tilfreds med situasjonen for gateløysa. Etter målingar er nokre lyspunkt svakare enn ønskjeleg, men vi vil byte til sterkare pærer der dette er aktuelt. Det er viktig for trafikktrygginga at vi har gode nok gatelys, ikkje minst ved fotgjengarovergangar, seier Sundgot.

Grunna økonomien har ikkje Ørsta kommune kunne prioritere ei oppgradering av gatelysa slik som i Volda. Difor har kommunen fått gammal armatur frå Volda som vert bygt om. I vinter har Mørenett sine folk også skifta pærer i gatelys som ikkje har fungert. Nye pærer i desse har ikkje alle stader vore tilfredsstillande, men Sundgot meiner det er betre at det er lys i dei enn at dei ikkje verkar. I sentrum er det også skilnad på gatelysa.

– Vi bør ha sameleis lys i sentrum slik at gatemiljøet vert arkitektonisk likt, meiner Sundgot.

Målet til kommunen er gode gatelys over alt.

– No har vi eit håp om å kunne nå dette målet. Prisane er no lågare på nye armatur, og prisen for kvart punkt er om lag halvert samanlikna med for ei tid tilbake. Det er gledeleg, og no ser vi moglegheit for ei skikkeleg oppgradering, seier teknisk sjef.