Det seier ordførar Stein Aam (Sp) etter at det i ei saksutgreiing til kommunestyret, der saka om den nye fleirbrukshallen skal handsamast, kjem fram at kostnaden med hallen vert 180 millionar kroner.

Då kommunestyret handsama hallsaka i desember, og også plasserte utbygginga på budsjettet for 2017, var det førespegla ei kostnadsramme på om lag 150 millionar kroner.

Ordføraren avviser likevel at dette handlar om eit prosjekt ute av kontroll.

– Den fyrste kostnadsramma vart sett med å flytte prosjektet for Mosflata over på Utstillingsplassen. I ettertid har det kome fram ynske frå brukarane som har medført at prosjektet er utvida med 1.300 kvm, frå om lag 6.700 kvm til 8.063 kvm. Dette handlar mellom anna om meir plass for Ørsta Idrottslag og meir plass til Ørsta ungdomsskule, seier Aam.

Han påpeikar vidare at den nye hallen følgjer retningslinene til byggjeføresegnene i Tech10, noko som også er kostnadsdrivande.

Likevel, Aam meiner at nettokostnaden for kommunen ikkje vert noko særleg høgare.

– Mellom anna fordi vi får meir i momskompensasjon, og vi får meir i spelemidlar. Vi vil få 28,6 millionar kroner i spelemidlar, mot tjue millionar i det opphavlege prosjektet. Det er fordi mykje av det tillagte arealet er spelemiddelrelatert, seier Aam.

Han er overtydd om at nettokostnaden for kommunen vil liggje ein stad mellom 100 og 110 millionar kroner.

Eit vesentleg poeng for Aam og prosjektleiinga i kommunen, er at kostnadene med fleirbrukshallen også ville ha auka med prosjektet på Mosflata. Både på grunn av auken i arealtalet, kostnader med den noverande Ørstahallen, kostnader med flaumsikring og kostnader med infrastrukturen.

– Vi veit aldri om det ville ha vorte gjeve dispensasjon til rekkjefølgjekrava om infrastruktur, noko som ville ha medført ein vesentleg kostnad med 28 millionar, seier Aam.

– No skal fleirbrukshallen byggjast, og med relativt låg lånegjeld, og pengar i dispisjonsfondet, er eg trygg på at dette er ei god sak for kommunen, også økonomisk, insisterer ordføren.