Det spør foreldreutvalet i barnehagen ved Siv Beate Rebbestad, Eirin Bøstrand og Hermod Halse om til Ørsta kommune.

Dei viser til at det i kommunestyremøte i desember 2016 vart foreslått at det skulle byggast ei ny avdeling ved kulturhuset som erstatning for gamle Barnas Vel ved Utstillingsplassen. Vedtaket då vart å utsette bygging av denne avdelinga.

Når bygginga av fleirbrukshallen tek til skal den gamle barnehagen verte riven.

No vil foreldra vite kor lenge planane om ei ny avdeling er utsett. Dei viser til at dei allereie merkar negative følgjer av vedtaket. Neste barnehageår misser Barnas Vel 24 plassar, og går frå seks til fem avdelingar.Denne reduksjonen har ført til at fleire born ikkje har fått barnehageplass i Barnas Vel. Desse borna har fått plass i t.d. Liadal barnehage, sjølv om dei bur i sentrum og hadde ein sentrumsbarnehage som hovudønske. FU i Barnas Vel lurer på kva som er planen framover.

– Med all den positive utviklinga vi ser i sentrum, kvifor klarer de ikkje å ferdigstille prosjekt som er sett i gang? Er det ei medviten nedbygging av Barnas Vel og sentrumsbarnehagen? undrar dei.