Det er nettavisa Khrono som har gått gjennom Språkrådet sitt arbeid med å sjå til at universitet og høgskular følgjer mållova.

Konklusjonen er ikkje oppløftande: Av dei som har rapportert så langt for 2016, har ingen klar å oppfylle krava i lova.

Kravet i lova er at både nynorsk og bokmål skal vere representert med minst 25 prosent i den skriftlege kommunikasjonen til publikum.

Høgskulen i Volda oppfyller krava på eigen nettstad. Her er det 67,5 prosent nynorsk. På nernett.no, praksisavisa til journalistikkstudentane, er det berre 11,5 prosent nynorsk. Andre publikasjonar frå høgskulen har for lite bokmål. Berre 16 av 32 skjema frå høgskulen finst på både nynorsk og bokmål.

Overfor Khrono ber rektor Johan Roppen om orsaking for at dei bryte mållova. Det gjer han på bokmål:

«Mållova har vi meget stor respekt for, og det burde alle andre også ha. Det er nok likevel atskillig flere institusjoner som bryter lova den andre vegen, altså ved å ha for mye bokmål og ikke for mye nynorsk. Så kanskje burde man også i denne diskusjonen se på universitets- og høgskolesektoren samla sett og ikke bare på enkeltinstitusjoner»