Duellen avslutta landbrukskonferansen, der ymse forhold i jordbruket vart presentert både fagleg og politisk.

Den mest intense delen i duellen mellom Dale og Lundteigen handla om kraftforprisen og utnytting av arealet. Og det var Lundteigen som drog opp temaet.

– Vi må ha ein kraftforpris som gjer at det løner seg å produsere gras andre stader enn på Austlandet. Vi har hatt eit slikt system tidlegare, og det fungerte, med høg kraftforpris, og kraftforrabatt for dei små bruka, som På Vestlandet, sa Lundteigen.

Poenget hans er at ein høgare pris på kraftfor vil gjere det meir lønsamt for kornbøndene på Austlandet å dyrke korn, og hindre dei i å gå over til grasproduksjon og dermed kjøt- og mjølkeproduksjon. Det vil kunne auke norskdelen av råvarer i kraftforet, og føre til at kjøtproduksjonen held fram i område som Vestlandet, ifølgje Lundteigen.

Dale meiner dette er dårleg politikk. – Situasjonen er at dette vil medføre at dei kraftforbaserte produksjonane vil tape konkurransekraft i Noreg. Det gjeld griseproduksjon og produksjon av egg og kylling.Men Lundteigen stod på sitt.

– For kylling har ikkje dette så mykje å seie, for denne produksjonen er allereie så effektiv. Men for storfe- og saueprodusentane vil dette ha mykje å seie, dersom vi samstundes gjenninnfører kraftforrabatten, insisterte Lundteigen.

– Det er absurd å tru at du skal få meir lønsemd i landbruket med å auke kostnadene, repliserte Dale.

Han meinte dessutan at Lundteigen sit forslag nærmast var umogleg.

– Dette er fint å seie i festtalar, men Senterpartiet i regjering var ikkje med på dette. Og grunnen? Jau, at dette vil medføre at tap av konkurransekraft, sa Dale.

– Dale prøver å seie at eg er på kollisjonskurs med Sp. Nei, det er eg ikkje. Og det er fordi vi meiner det skal løne seg å dyrke planter over heile landet. I dag går det dårlegare dess lenger nord du kjem. Det er heilt feil., sa Lundteigen.

– Vi fører om lag dame politikken som Sp gjorde i regjering. Landbruket treng føreseielegheit. Lundteigen reiser rundt og har ein alternativ politikk, refsa Dale.

Før Dale og Lundteigen duellerte, var det ein paneldebatt med representantar frå dei fleste politiske partia. Her var hovudtemaet korleis vestlandsjordbruket skal tryggast.

Stortingsrepresentant Ingunn Foss (H) meinte det må leggjast til rette for alternativ produksjon på bruka.

– Når det vert produsert på mindre areal, må bøndene ha andre ting i tillegg til matproduksjonen. Og dei mindre bruka har vorte tilgodesett på ein annan måte dei siste to åra, sa Foss.

Pål Farstad (V) meinte at samfunnet må ta innover seg at bruk må drivast på deltid.

– Og at jorda skal drivast utan at ein må reise over lange avstandar.

Yvonne Wold (SV) ville ha økonomiske verkemiddel som stimulerer til auka produksjon: – Bøndene er raske til å omstille seg, og innrette seg etter behova samfunnet har, vis tilskota er rette, sa Wold.

Jørgen Amdam (Ap) la også vekt på at inntekter må hentast utanfor bruket.

– Det er naudsynt med differensierte verkemiddel, slik at familien kan ha fleire inntekter.

Paul Kristian Hovden (KrF) ville opne for betre investeringsordningar: Det var urovekkjande å høyre at vi skal bruke tusen milliardar på samferdsel, medan kostnaden berre er tre milliard for å heve vestlandsbruket.

Panelet: F.v.: Jørgen Amdam, Per Olaf Lundteigen, Yvonne Wold, Ingunn Foss, Pål farstad og Paul Kristian Hovden. Foto: Rune Sæbønes