Det er kraftig snøvêr på Austlandet måndag, og det skapar problem på Oslo lufthamn.

Pressetalsmann Lasse Vangstein i Avinor seier til VG at Oslo lufthamn no blir driven på halv kapasitet. Rullebanene må brøytast fortløpande, og flya må avisast før dei kan lette.

Problem får følgjer også for Ørsta Volda lufthamn, Hovden.

09.10-flyet frå Oslo er om lag 20 minutt forseinka. Dette flyet får ikkje returnere til Gardermoen før langt ut på føremiddagen. Widerøe estimerer avgangstida for flyet til klokka 12.12.

Dei seinare flya mellom Hovden og Oslo måndag vil også truleg bli forseinka. Måndag føremiddag klokka 09.12 er forseinkingane estimerte til mellom ein og tre og ein halv time.

Du finn oppdatert informasjon på Widerøe sin nettstad.

Avgangar mellom Ålesund lufthavn, Vigra, og Oslo er også råka av forseinkingar.

Det er ikkje venta at avgangar mellom Hovden og Bergen blir råka av forseinkingane.