Denne veka har DAB-radio kome på plass i Eiksundtunnelen, Helgehorntunnelen og Morkaåstunnelen på fv. 653. Monteringa av utstyret vart forseinka på grunn av ei sein bestilling frå fylkeskommunen, og tunnelane har difor vore utan radiodekning i fleire månader. Tunnelane på E39 Kvivsvegen har allereie hatt i fleire månader.