I fjor vart Tommy Riise Olsen frå Sæbø med i Ammerud isbadarklubb i Oslo. Riise Olsen er tilsett som lærar ved Ammerud barneskule, og isbadarklubben har sitt opphav i lærarkollegiet. I september gjekk turen til Sørenga badstue.

– Der fekk eg ei lita aha-oppleving for konseptet fjordsauna. Ved seinare høve inviterte eg med meg nokre sunnmørskompisar som var på besøk i byen, ned til Sørenga. Og etter nokre kalde pils, friske bad og høg temperatur, oppstod det ein slags kollektiv ide om att dette kunne vi og få til! Vi byrja å organisere oss, planlegge, samle inn pengar, informere lokalbefolkninga og kommunen om prosjektet og planane, seier Riise Olsen.

Fjordsaunaen er sjøsett

Etter at ideen var på plass og planlegginga i gong starta kompisgjengen med teikningar og design av fjordsaunaen. Dei henta inn lokal kunnskap om bryggjebygging, konstruksjon og utfordringar som dei kunne møte på med tanke på vind og vêr. I påska var heile vennegjengen samla på Sæbø og bygginga starta for alvor. Sjølve brygga vart ferdigstilt og sjøsett. Det vart lagt dekke på brygga, bygt veggar som vart sett opp, få tak i glas og få lagt tak. Sjølv om mykje vart gjort i påska står det framleis att litt arbeid før fjordsaunaen kan takast i bruk.

– Vi reknar med att Sæbø Fjordsauna er klar seinast til sommaren, og alt skal vere ferdig til 2. juni.

Planen er at saunaen skal ligge til kai på Sæbø, og at dei som nyttar seg av tilbodet vil kunne nyte utsikta til Hjørundfjorden medan det er varmt og godt i saunaen.

– Tilkomsten blir enkel for alle, uansett alder og føresetnad. Vi er i dialog med kommunen og Sagafjord Hotel om lokalisering, men har ikkje landa på noko hundre prosent endå.

Når Sæbø Fjordsauna er ferdigstilt er tanken at den skal vere tilgjengeleg til utleige.

– Tanken er utleige til alle som er interesserte. Gamle, unge, turistar, lokale, dei som er interesserte og har lyst til å prøve. Saunaen er eit heilårstilbod, som skal vere med å styrke Sæbø som ein kul og god plass å bu, seier Riise Olsen som har med seg Stian Storeide, Olai Eikrem Riise, Bendik Hagen Røssevold, Steffen Wille Ytterstad, Mikkel Riise, Pål Hagen Røssevold og Alexander Riise Olsen på prosjektet.