XFree og XStyle vart avlyst grunna tryggleiken, men  den nye sporten XSplash vart arrangert for første gong.

XCreek​

I Hellesylt vart det konkurrert i elvepadling. Greinleiar Torbjørn Nordeide var strålande nøgd.

- Sinnsykt bra stemning. Beste forholda vi har hatt på lenge. Det var litt mindre vatn i dag enn i går, men framleis flotte forhold!

Ein av deltakarane, Nini Bondhus, trassa kulda i vatnet for å ta del.

- Bra forhold og fin elv, men eg bestiller varmere vêr neste år. Det vart litt i overkant kaldt å vere i vatnet i meir enn to timar.

XBoard

Laurdag vart igjen longboard-konkurransen XBoard gjennomført i Volda sentrum. Trass vått og grått vêr stilte publikum i alle aldrar med glede opp for å heie deltakarane i mål. Deltakarane kom ikkje i mål berre éin gong, for etter fleire rundar med prøvekøyringar starta alvoret; finalen. Eit par timer seinare var vinnaren kåra. Deltakar Ali Nas har stått på pallen dei siste seks åra og i dag stakk han endeleg av med sigeren.

- Det var kjempekjekt. Eg var ikke raskast, men det er heller ikkje det det handlar om. Det handlar om å ta riktige val.

Det er ein tøff sport som krev mykje av utøvarane, både fysisk og mentalt, men heller ikkje i år vart dramatiske hendingar.

- Litt knall og fall blir det alltid, men alle deltakarane kom seg gjennom dagen uten store skadar, avslutter han.

XSmall

XSmall er for dei aller minste ekstremutøvarane, og vart arrangert i samarbeid med barnehagen Læringsverkstedet. Det var fleireulike aktivitetar som hinderløype, svampekasting, blikkbokskasting, sparkesykkelrace og ei konkurranse i form av leiting etter ein figur. Ansiktsmåling var nok den aktiviteten som fekk mest merksemd. Her kunne barna velgje motiv som Hello Kitty eller sommerfugl. Barna venta tålmodig på tur og følgde ivrig med på personane som vart måla. Ein annan populær aktivitet var sparkesykkelrace. Det var stor glede når førstemann kom i mål.