Det var i byrjinga av mars at NVE sa ja til Mørenett sin søknad om å sleppe å levere straum til Raudøya. Mørenett meiner det vert for dyrt, fordi det er behov for eit nytt linenett til øya.

I etterkant av vedtaket har Ørsta kommune og grunneigarane på Raudøya klaga på dette.

I vurderinga av klagene meiner NVE at det ikkje har kome fram opplysningar som endrar saksforholdet. NVE peikar på at abonnentane er fritidseigedommar med lågt straumforbruk, og at kostnadene med å halde oppe nettilkytninga er vesentleg høgare enn forventa nettleigeinntekter frå abonnentane.

NVE meiner det heller ikkje har kome ny informasjon om bruken av øya til å skule som endrar vurderinga av om det skal vere naudsynt med straumlevering til dette føremålet.

NVE presiserer også at forhold knytt til bruk av aggregat og ureining, og Mørenett sine bidrag til omlegging til bruk av aggregat er vurdert i den tidlegare sakshandsaminga.