Det går fram av eit innspel helseføretaket har til revisjonen av Volda kommune sin arealdel for kommunedelplanen.

– Arealet rundt Kløvertun vert i vesentleg grad bandlagt til veg i samband med planlagt bygging av Voldatunnelen. Det einaste utviklingsarealet for Volda sjukehus er dermed areal på nordsida av hovudbygget. Det er difor viktig at området også for framtida blir regulert for offentleg bruk i tråd med tidlegare kommunedelplan (2009). Føretaket opplever at mangel på areal kan vere til hinder for vidare utvikling av sjukehuset med omkringliggjande bygg. Gjennom revisjon av kommuneplanen sin arealdel, ber vi Volda kommune sikre nemnde areal slik at ein unngår ytterlegare privatisering der det ikkje vert mogleg med bustadbygging eller annan privat utbygging nært opptil sjukehuset, seier Mona Aagaard Nilsen.

Ho er klinikksjef for drift og eigedom i føretaket.

Dei ber også om at det vert blir teke omsyn til støysonar og meir rundt dagens helikopterplass og mogleg endra plassering av denne.