Ordførar Stein Aam gjer det klart at Ørsta kommune er usamd i konklusjonen i rapporten som ei arbeidsgruppe i Mørenett har utarbeidd der konklusjonen er at det beste for selskapet er å samle aktiviteten i Dragsund, og at tilsette på Tussatun får base i Herøy.

– Tilrådinga i rapporten ser ut til å legge for mykje vekt på ein faktor og tek for lite omsyn til negative følgjer for tilsette. Det er ikkje lagt vekt på HMT og langsiktige følgjer av ei slik strukturendring, overordna omsyn og konsernet sine strategiske interesser. Det er heller ikkje teke omsyn til aksjonæravtalen og dei overordna vurderingane som ligg til grunn for denne, seier ordførar Aam.

Framlegg

I samråd med ordføraren og rådmannen i Volda, og eit samla Volda formannskap, vil Ørsta kommune melde inn eit framlegg til vedtak i generalforsamlinga i Tussa si handsaming av saka om samlokalisering. I framlegget vert det synt til aksjonæravtalen for Mørenett der det vert slått fast at Mørenett sitt hovudkontor, dagleg leiar og leiinga av entreprenørdivisjonen i selskapet skal vere lokalisert i Ørsta.

– Vidare går det fram av avtalen at Mørenett er ei felleskontrollert verksemd, og at det i viktige avgjerder er nødvendig med samrøystes vedtak mellom aksjonærvalde styremedlemmer. Avgjerder om rasjonalisering, omlegging av drifta og flytting av funksjonar kjem inn under tilhøve som krev slik semje mellom aksjonærane. Av omsyn til ei framtidsretta og balansert driftsmessig organisering, både av Mørenett og Tussa Kraft – og av omsyn til selskapa sine strategiske interesser – føreset generalforsamlinga at vilkåra i aksjonæravtalen vert haldne oppe, heiter det i framlegget.

Det var i midten av mars at ei intern arbeidsgruppe i Mørenett la fram ein rapport der det vart tilrådd at Dragsund vert ny base for tilsette i Ørsta og på ytre Søre Sunnmøre.

Vert dette realisert betyr det at brorparten av dei femti tilsette i Mørenett i Ørsta kan få ny arbeidsstad i Dragsund frå nyttår.

– Vi har sett at vi har behov for å samle ressursane på Søre Sunnmøre på ein plass. Årsaka er at det er både kostnadseffektivt, men ikkje minst er eit rett tiltak for å legge til rette for best mogleg samhandling internt i Mørenett. Vi kjem til å få endå betre samhandling og ein god og solid organisasjon, sa adm.dir. Rune Kiperberg i Mørenett.