Politiet opplyste torsdag kveld at Eiksundtunnelen er stengd. Det var melding om ein bilbrann, men at det var mogleg at brannen allereie var sløkt.

Etter at naudetatane kom fram til staden vart det slått fast at det var røykutvikling frå ein motor. Til Sunnmørsposten opplyste politiet at tunnelen vart opna att kring kl. 20.00.