Pengane skal gå til å byte alle dei tjuefem vindauga i skulebygget.

– Men vi manglar 160.000 kroner i eigenkapital til prosjektet. Difor startar vi no opp eit kunstlotteri der folk kan vinne flotte måleri av Sigmund Årseth og Nils Taklo, naturfoto av Håvard Myklebust, gåvekort på Rekkedal Gjestehus og overnatting på Hotell Union på Øye, fortel Synnøve Rekkedal Hill, leiar i kulturvernlaget.

Å få midlar frå Kulturminnefondet heng høgt, og berre godt dokumenterte og gjennomarbeidde prosjekt vert tildelt midlar. Igjen har eksperten i søknadsskriving, Synnøve Rekkedal Hill, skote blink for eit aktivt kulturnvernlag som har eit godt rykte, også i fylkeskommunen.

Attverande

Det er ti år sidan kulturvernlaget i Hjørundfjorden starta med opprustinga på Stavset, av det som er det einaste attverande skuleinternat-bygget i landet. Skulebygget er no rekna som eit nasjonalt kulturminne og økonomisk støtte frå fylket har gjort det mogleg å reparere tak og drivveggen på bygget.

Internatskulen vart bygt i 1915 for at borna langs Hjørundfjordstranda skulle sleppe å gå langs fonnfarlege stigar eller verte segla eller rodd over eller langs fjorden dagleg, noko som kunne vere livsfarleg.

Stavset skule vart nytta som internatskule til ut på 1950-talet. Etter kvart kom det veg med fonnoverbygg på Hjørundfjordstranda. Eldbjørg Tvergrov, som vaks opp på Ytre Standal, budde på internatskulen då ho var sju år og gjekk i første klasse. Dette var siste året internatskulen var i drift. Det var berre fire elevar på skulen siste året, og lågt barnetal gjorde at skulen vart avvikla.

– Eg hadde det bra på skulen, men heimlengselen var stor, for eg hadde jo ikkje mamma og pappa der, fortel Eldbjørg som synest det er flott at internatskulen vert rusta opp og teken vare på.

Arbeidet som no skal utførast stiller strenge krav til gjennomføring, og vindauga skal bytast etter antikvariske retningslinjer frå fylkeskonservatoren. Går alt etter planen, startar arbeidet på forsommaren. Men det føreset altså at eigenkapitalen er sikra.

– Vi vil oppmode alle vi bankar på dørene om å kjøpe lodd slik at dette viktige kulturprosjektet kjem i hamn. Neste prosjekt skal handle om nytt kjøkken og montering av toalett, og betre vassløysing.