Varselet om motsegn mot den nye hallen (Volda Campus Arena) på Joplassen ved Høgskulen i Volda er i seks punkt.

Vegvesenet meiner mellom anna krysset E39/Joplassvegen og Joplassvegen ikkje er dimensjonert med omsyn til auka busstrafikk som følgje av hallen. Krysset er allereie tungt trafikkert, og i ein motbakke.

Det vil også vere behov for snuplass for buss.

Dei meiner også at det må leggast best mogleg til rette for busspassasjerar på E39 ved hallen. Her kan ei gangbru vere ei aktuell løysing. Eventuelt må rutebussen få stoppestad inne på hallområdet.

Vegvesenet krev at reguleringsområdet blir utvida mot sør slik at også E39 kjem inn i planen. Trafikksituasjonen på europavegen blir endra som følgje av hallen, og det er difor viktig at det blir gjort grep for at ikkje trafikktryggleiken blir svekka. Det er også viktig at hallplanane blir samordna med reguleringsarbeidet for E39 Volda-Furene (Voldatunnelen).