Det meiner hovudtrenar for ITF Volda Taekwon-Do klubb, Bjørn Michelsen. I helga deltok han på samling i regi av Volda-klubben. Og i gymsalen på Mork skule var det stor aktivitet mellom dei fjorten medlemmene i klubben som har ein snittalder på elleve år. Laurdag og søndag hadde dei unge Taekwon-Do-utøvarane samlingar, og søndag var det gradering eller belteprøve. Alle klarte belteprøva med glans. Treningshelga hadde ein strek sosial profil, og alle overnatta på skulen etter at dei fekk taco.

– Målet med slike samlingar er å gi dei unge nok mengdetrening og å motivere dei til å halde fram med Taekwon-Do der eg prøver å vere ein motivator, fortel Bjørn Michelsen. Hovudtrenaren er busett i Tromsø og skal pendle nokre gonger i året til Volda for å trene Volda Taekwon-Do klubb. Der er også Tonje Mari Dragset ein sterk pådrivar og trenar i klubben som vart starta i. Dei eldste i klubben, juniorar og ein senior, trenar kvar måndag og torsdagane er dei minste i aksjon saman med juniorane.

Taekwon-Do er den koreanske versjonen av ubevæpna strid, laga for sjølvforsvar. Taekwon-Do er også ein kampkunst der ein gjennom system av ulike teknikkar brukar kroppen til sjølvforsvar, og byggjer kroppen slik at han kan oppnå maksimal yteevne, gjennom intensiv og mental trening.

Forutan 3.200 teknikkar består systemet av moralske, filosofiske og teoretiske retningslinjer.

Lojalitet

Volda Taekwon-Do klubb sitt føremål er å drive trening. All aktivitet skal pregast av fri vilje, demokrati, lojalitet og likeverd. All aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

Bjørn Michelsen meiner det dei unge lærer i Taekwon-Do kan overførast til mykje i livet.

– Når du lærer sjølvdisiplin og ha god sjølvkontroll kan dette kanskje føre til at dei unge t.d. gjer meir lekser og at dei ikkje byrjar å drikke alkohol og mykje meir. På den måten gir taekwon-Do langt større verdiar enn å berre drive kampsport i ein gymsal, opplever Michelsen. Han er medlem av Tromsdalen Taekwon-Do-klubb, og 37 åringen har hald på med denne kampsorten sidan 1993. I dag har Michelsen svart belte og har oppnådd det som vert kalla fjerde dan av totalt seks. såleis er Volda sin hovudtrenar snart nådd graderingstoppen.

Michelsen meiner taekwon-Do er eit godt alternativ til tradisjonelle idrettar som t.d. fotball. Og dessutan er taekwon-Do eit av få fritidstilbod i området også for svært unge born.

Volda Taekwon-Do klubb er berre to år gammal og er framleis i ein oppbyggingsfase.

– Vi vil gjerne ha nye medlemmer, også frå Ørsta. Det er berre å ta kontakt, seier Mads Melbø som sit i styret i klubben.

Interesserte kan lese meir på ITF Volda Taekwon-Do klubb si Facebook-side.