Ein svært entusiastisk ordførar Stein Aam tok det nye legesenteret i nærare augesyn fredag.

– Eg køyrer forbi her to gongar for dag, og har sett bygget reise seg frå dag til dag. Eg har fått kommentarar på at det vert høgt, men eg er ikkje samd. Skal vi utvikle noko i sentrum, må vi bygge i høgda, seier ordføraren.

Råbygget til det nye legesenteret er no ferdig. Over påske startar arbeidet med å tette bygget, få opp klimavegger og støype golv. Snart kan dei kle bygget og sette inn vindauge og dører.

– Vinteren har vore snill med oss i år, seier prosjekteringsleiar Erik Østby-Deglum frå entreprenøren Veidekke.

Han fortel at dei held tidsplanen, og at legesenteret skal verte klart i månadsskiftet januar/februar neste år – slik avtalen er.

– Då spretter vi sjampanjen! seier ordføraren, og smiler heilt rundt.

Han held fram at Bakk-Ola-marka no vert eit kraftsenter innan helse, med legesenteret, der det kjem 20 omsorgsbustader for eldre i dei to øvste etasjane, med bustader for yngre og Bakk-Ola-marka eit steinkast unna, og med planane om å bygge om dagens legesenter til eit helsehus der dei vil samle alt frå helsestasjon, heimebasert omsorg, kvardagsrehabiliteringsteam, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykolog m.m.

– Det er heilt rett at vi byggjer det nye legesenteret her. Det var ein krig, men no er vi snart i mål. Eg kan ikkje seie kor glad eg er for dette, seier Aam, medan han studerer utsikta frå tredje etasje i det nye legesenteret.

– Fantastisk. Det er ikkje meir å seie enn akkurat det.

Erik Østby-Deglum fortel at arkitekten bak legesenteret også har gjort grep for at bygget ikkje skal framstå så høgt, med å legge inn horisontale element, for å dempe det.

Også parkeringshuset på nedsida er i ferd med å reise seg. Dette vil stå klart i god tid før legesenteret.

– Men eksakt dato kan eg ikkje gi, seier Østby-Deglum, men legg til at dette truleg vil vere klart i løpet av våren/tidleg sommar.

Mykje av parkeringsarealet rundt legesenteret er bandlagt i samband med bygginga.

– Vi har vore urolege for om vi skulle få ein snørik vinter, med brøyting og dei utfordringane det ville gi. Det har heldigvis gått bra. Publikum har vore eksemplariske og fortener ros, seier prosjektleiar bygg i Ørsta kommune, Øystein Mårstøl.

– Det er tydeleg at bygda gler seg over å få nytt legesenter. Dei er tolmodige og heiar arbeidet fram, stemmer Østby-Deglum i.

Han lovar at dei vil frigjere det parkeringsarealet dei kan, så raskt dei kan, men at dei må ha ei omsynssone rundt bygget, både av omsyn til publikum og til arbeidarane.

– Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Det passar det vel godt å seie her, kommenterer ordføraren.

Kontraktsummen er på 92,5 millionar kroner inkl. mva. For kommunen har prosjektet ei ramme på 114 millionar kroner, som mellom anna inkluderer tomtekjøp.

Råbygg: Konturane av det nye legesenteret er klart. Råbygget stod ferdig like inn i påskeveka. Etter påske er det klart for å kle bygget. Fredag var kommunen på synfaring. Foto: Janne-Marit Myklebust
Prosjektleiarar: Erik Østby-Deglum frå entreprenøren Veidekke og Øystein Mårstøl, prosjektleiar bygg i Ørsta kommune. Foto: Janne-Marit Myklebust
Utsikt: F.v. prosjektleiar bygg i Ørsta kommune Øystein Mårstøl, seksjonsleiar eigedom Irene Graskopf, rådmann Wenche Solheim, ordførar Stein Aam og prosjekteringsleiar Erik Østby-Deglum. Foto: Janne-Marit Myklebust
Parkering: Ved Bakk-Ola-marka er reisverket til parkeringshuset straks på plass. Foto: Janne-Marit Myklebust
Innvendig: I andre og tredje etasje på det nye legesenteret vert det til saman 20 omsorgsbustader for eldre. Når råbygget no er klart kan dei snart starte det innvendige arbeidet. Foto: Janne-Marit Myklebust