Gjeldande avtale, for elevar frå Bjørke i Ørsta, som går på skule i Austefjord i Volda, vart signert i 2008. Volda kommune, ved oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik, ønskjer å reforhandle dei punkta i avtalen som handlar om kostnader.

I 2016 betalte Ørsta kommune 59.754 kroner per elev frå Bjørke.

– Den reelle kostnaden per elev ved Austefjord skule er høgare enn dette, og det skuldast i hovudsak at elevtalet er lågt. Volda kommune meiner det ikkje lenger er rett å nytte den gjennomsnittlege kostnaden per elev i Volda kommune som grunnlag, men at Ørsta kommune sitt bidrag i større grad speglar dei reelle kostnadene per elev ved Austefjord skule, skriv Kongsvik til Ørsta kommune.

Volda kommune har rekna seg fram til at dei reelle kostnadene per elev i 2016 var på 109.627 kroner. Eit stort hopp opp frå det Ørsta kommune betalte per elev; 59.754.

I forslaget til reforhandling av avtalen skriv Kongsvik:

Elevar med stort hjelpebehov må ha eigen avtale om dekning av kostnad.

Ørsta kommune skal dekke utgiftene til undervisninga av sine elevar, med utgangspunkt i summen av årstimar gitt til ordinær undervisning. (...) Den samla kostnaden vert å dele på talet elevar ved skulen. Dersom Ørsta kommune sine elevar gjer det naudsynt å opprette fleire grupper enn det elles er behov for, skal Ørsta kommune dekke sin del av kostnadene til dette, etter nærare avtale.

Det er i dag 32 elevar ved Austefjord skule.

Seie opp

– Elevane frå Bjørke har bidrege positivt i skulemiljøet ved Austefjord skule, og Volda kommune ønskjer å tilby grunnskuleopplæring for desse elevane også i framtida. På same tid finn Volda kommune det naudsynt å be om reforhandling av avtalen, sidan kostnaden per elev ved skulen har auka i takt med nedgangen i elevtalet dei seinare åra. For Volda kommune er alternativet til reforhandling å seie opp avtalen, med verknad frå 31. juli 2017, skriv Kongsvik.

Han bed om ei snarleg tilbakemelding og skriv at kommunen ser fram til ein god dialog, til beste for alle partar.