Det kjem fram i årsmeldinga om skogbruk frå Lanbrukskontoret Ørsta Volda.

Det vart i alt hogd 74.142 kubikk tømmer, 47.790 kubikk i Volda og 26.352 i Ørsta. For Volda sin del er dette det høgste kvantumet nokon gong. Auka hogstkvantum er i utgangspunktet positivt, men eit så høgt kvantum er ikkje berekraftig på sikt, ifølgje landbrukskontoret. Hogsten må tilpassast til eit meir berekraftig volum i åra framover.

Det vart planta 962 dekar i Ørsta og Volda i 2016, som er ein auke frå 2015. Hogsten er likevel så stor, at etterslepet med uplanta hogstflater aukar kraftig.

– Dette er svært urovekkande, det viktigaste i eit langsiktig skogbruk er å drive god skogkultur, å få opp ny skog med god kvalitet der det er hogd.

På investeringssida er det ein klar nedgang i skogbruket. Nivået i Ørsta er likevel relativt høgt, m.a. på grunn av utbygginga av Melsfjellvegen. Tilskotet til drift i vanskeleg terreng auka mykje i 2016, dette grunna Lidfeltet i Volda.