Det sa Hans-Olav Myklebust (Frp), då formannskapet handsama sak om Hjørundfjordegga i møte tysdag. Eit samrøystes formannskap gjekk inn for å gi løyve til å etablere kjettingar på utsette parti i området opp mot Elsandtindane (1.398 moh.).

Søknaden om å tilrettelegge Hjørundfjordegga har skapt mykje diskusjon i lokalmiljøet og i friluftsmiljøet det siste året. Det var Stig Helset som la fram planane for kommunen våren 2016. Fleire har uttalt seg kritisk til prosjektet. Hotell Sagafjord og Hotel Union Øye er blant aktørane som har vore positive.

– Dette er snakk om enkle installasjonar som ikkje endrar landskapsbildet eller gjer inngrep i det biologiske mangfaldet. Tryggleik er viktig. Det skjer fleire skader i heimen enn det gjer i fjella våre. Dei som går denne krevjande ruta er spesielt interesserte, fjellvande folk, sa Karen Høydal (Ap).

Ho la fram eit nytt framlegg til vedtak, noko endra frå det administrasjonen la fram. Dei var i si tilråding kritisk til tiltaket, sjølv om konklusjonen var at tiltaket var av ein slik art at det ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Karen Høydal fremja eit nytt forslag: – Formannskapet syner til søknaden om tilrettelegging av «Hjørundfjordegga» og til innkomne innspel og merknadar. Etter ei konkret vurdering av tiltaket slik det er omsøkt, finn formannskapet at dei enkle tiltaka ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova. Prinsipielle spørsmål om tryggleik og forvaltning av interessene knytt til natur, friluftsliv og reiseliv kan skje gjennom revisjon av arealdelen/og – eller retningsliner av merking og skilting. Formannskapet ser at tiltaket inngår i ei satsing på opplevingsbasert reiseliv i Hjørundfjorden.

Ho fekk brei støtte for framlegget. Tiltaket omfattar ein om lag fem meter lang kjetting på eit utsett parti på skaret mellom dei to toppane på Saksa. Vidare ein kjetting på femten meter ved oppstiginga av ein bratt hammar, og ein kjetting på 35 meter ved eit utsett parti nær Elsandtindane.

– Eg støttar Ap. Vi har ein rik fjellflora, og det er mogleg å velje ulike alternativ. Det er viktig å få dette prosjektet inn i masterplanen vi har på gang. Dette passar svært godt inn der med ei tydeleg satsing på reisemål med ulike vanskegrader, sa Per Are Sørheim (H).

Gunnar Knutsen (V) støtta også Ap sitt framlegg.

– Vi er i ein prosess der vi skal gjere naturen meir tilgjengeleg og tryggare å bruke for fleire. Slike enkle tiltak som ikkje gjer inngrep i naturen er viktige tryggingstiltak. Vi må kunne bruke fjella våre, og ikkje berre nyte synet av dei frå bakkenivå.

Paul Kristian Hovden (KrF) var meir skeptisk.

– Tilrettelegging av fjellheimen er i utgangspunktet ei positiv sak, men så er det eingong slik at det ikkje er alle som skal gå på alle fjelltoppar. Skal alt verte tilrettelagt vil vår urørte natur få eit preg i seg. Er det dette vi vil at turistane skal oppleve? Eg er ikkje negativ, men meiner det er viktig å markere at dette er eit svært krevjande område. Kanskje er ikkje akkurat dette den største saka, men det er ei prinsippsak, og vi må tenke over kva det er vi går i gang med.

– Alle som kjem flygande med Widerøe over området her, ser at vi har rikeleg nok av urørt natur, repliserte Karen Høydal.

– Men nokre ting må vi gjere for å gi utfordringar til turistar. Fine og gode løyper har vi nok av. Men vi har dei som kjem til området for å gå dit andre ikkje går.

– Dette er ikkje snakk om ein ny Via Ferrata eller gondolbane til toppen. Dette er kjettingar. Vi skal legge til rette for at dei som vil ha ekstreme turar, får det. Og dei som vil gå på setra kan gjere det, sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp).

Formannskapet gjekk samrøystes inn for Ap sitt framlegg.