– No får vi større høve til å vere på hogget og stimulere til vekst, seier ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta.

Planen er at kommunale overskot over 10 millionar kroner skal gå til næringsfondet i åra som kjem. I 2016 var overskotet i kommunen på 18,6 millionar kroner, og det første innskotet kjem dermed allereie i år.

– Midlar frå fondet skal særleg vere retta mot småbedrifter og gründerverksemd, seier prosjektleiar Per Ivar Lied i Ørsta kommune.

Ordføraren ser tiltaket i samanheng med mellom anna reiselivssatsinga som no går føre seg, med utarbeiding av ein eigen masterplan for reiseliv i Ørsta.

– Ørsta er ein stor reiselivskommune, men også den nest største landbrukskommunen i Møre og Romsdal. Landbruket er utruleg viktig for å halde kulturlandskapet i livd. Dersom vi skal få til det i framtida, må vi klare å motivere neste generasjon til å ta over og drifte jorda. Ein måte å gjere det på, kan vere å kombinere gardsdrift og turisme. Alt heng saman med alt, og næringsfondet kan spele ei viktig rolle i dette arbeidet.

– Vi er klare på at vi ikkje skal kopiere Geiranger med reiselivssatsinga. Småbedrifter og gardar vil vere sentrale i satsinga, og her kan næringsfondet spele ei rolle, seier Lied.

Ørsta kommune vil låne frå andre kommunar i utarbeiding av vedtektene til fondet.

– I og med at vi ikkje er knytt opp mot fylkeskommunen, står vi heilt fritt når det gjeld vedtektene, i motsetnad til det Stranda gjer med sitt fond, seier Lied.

Planen er at det skal lysast ut midlar frå fondet allereie i år.