– Vi veit ikkje kor mange stillingar som kjem til Søre Sunnmøre enno, men vi har ein politimeister som kjenner distriktet, og eg trur han har nådd fram med argumentasjonen om kva behov og utfordringar vi har i Møre og Romsdal politidistrikt, seier Guttorm Hagen, lensmann i Volda og Ørsta, til Møre-Nytt.

Politimeister Ingar Bøen har tidlegare varsla at Møre og Romsdal politidistrikt har fått gjennomslag frå Politidirektoratet for ressursar til 60 nye polititenestepersonar i fylket. 30 av desse vil gå inn i eksisterande stillingar som står ledige på grunn av ressursmangel, medan dei andre 30 er nye stillingar.

Møre-Nytt har vore i kontakt med politimeister Bøen. Han seier det er for tidleg for han å seie noko konkret om kor mange av dei nye stillingane som vil gå til Søre Sunnmøre eller Ørsta/Volda.

– Dette skal vi drøfte med dei tilsette, og det er uklart kva tid fordelinga er klar, men seinast før sommaren. Dei nye stillingane er først tilgjengeleg i andre halvår. Eg vil ikkje gå ut med mi meining før det er drøfta, seier han.

– Eg oppfattar at politimeisteren forstår kva slags behov vi har på Søre, på same måte som han forstår behova på Nordmøre og i Romsdal. Vi får snart tilsett ein ny etterforskar, og ei anna etterforskarstilling vert snart lyst ledig. Vi har god søknad til ledige stillingar., seier Hagen.

Etterforsking og førebygging

Han meiner det største behovet på Søre er innan etterforsking og førebyggande verksemd.

– Vi har fått på plass ei god vakt- og beredskapsteneste, men det er ønske om større ressursar til etterforsking og førebygging. Det er viktig at vi har kapasitet knytt til utlendingskontroll og etterretning. I tillegg kan vi nå ut til fleire tidlegare ved å styrke ressursane til førebygging.

Politiet på Søre Sunnmøre får stadig meir kompliserte saker opp i hendene, og det krev større ressursar til etterforsking.

– Det er viktig å kome tidleg i gang med etterforskinga, og mange saker blir løyst direkte av patruljane. Nokre saker må likevel handterast av andre, og då er det viktig å ha etterforskingsressursar tilgjengeleg lokalt. Dette gjeld til dømes valdssaker, seksuelle overgrep, familievald og lovbrot utført av mindreårige (U18-saker), seier Hagen og held fram:

– Dette er ofte saker som krev grundigare saksbehandling. Men det bør likevel vere lokale ressursar. Vanlegvis skjer etterforskinga inne, på eit eller fleire kontor. Vi har eit sakshandsamingssystem som gjer det mogleg å etterforske saker fleire stader samstundes.

Politireforma

Politireforma er no i ferd med å bli gjennomført på Søre Sunnmøre, men Guttorm Hagen meiner folk vil merke lite av reforma på kort sikt.

– Det mest merkbare er nok at lensmannskontoret i Herøy blir oppbemanna igjen, etter å ha vore på eit minimumsnivå ein periode. No er det bestemt at Herøy skal vere eigen tenestestad, og då blir det større bemanning her. Det gode vaktsamarbeidet vi har på Søre Sunnmøre blir vidareført. Vi har fått Vanylven inn i distriktet. I og med at det er ferje mellom Vanylven og resten av Søre, vil Vanylven halde fram vaktsamarbeidet med politiet i Nordfjord, seier Hagen.

Politiet på Stranda og i Sykkylven blir venteleg samorganisert med politiet på Søre Sunnmøre, men dette vil ikkje påverke vaktsamarbeidet mellom Ørsta/Volda og kommunane på Ytre Søre. Stranda kommune har protestert mot nedlegginga av lensmannskontoret der, men dette er ein annan prosess enn styrkinga av bemanninga i politiet.

– Det vi er spente på no, er om Søre Sunnmøre får halde fram som ei eiga driftseining i politiet. Det har fungert godt, seier Guttorm Hagen.