Adm.dir. Kjetil Nesset ventar ein auke i omsetninga på ti prosent i år. Og det er innan trafikksikring brorparten av auken vil kome. I tillegg er det venta ein auke i eksporten til Sverige og Storbritannia.

– Prognosane for trafikksikring er gode dei neste to åra, og mange nye prosjekt vil kome som følgje av sterk satsing på utbygging av samferdsel, fortel Nesset.

Direktøren karakteriserer fjoråret som eit bra år for Vik Ørsta. Omsetninga gjekk noko ned grunna litt lågare aktivitet innan avdelinga trafikksikring, den største i Vik Ørsta. Men dette var venta. Innan områda bergsikring, marina og lysmaster vart fjoråret eit bra år, og salet vart etter planen.

– Marknaden for lysmaster er stabil. Vi har eit komplett og godt utval tilpassa norske forhold. Innan marina har vi lansert eit nytt konsept og ein ny serie som er enklare og rimelegare enn dei vi har hatt. Vi ventar ein auke innan marina-delen. Når det gjeld bergsikring handlar det om store volum. Vi er leiande på sikringsboltar. Innan vatn- og frostsikring kjem vi til å ta større marknadsdelar, spår Nesset.

Optimistisk

Trass litt lågare omsetning vart fjorårsresultatet på linje med 2015. Og det er ein optimistisk direktør som vurderer situasjonen for Vik Ørsta framover.

– Vi ventar auka sal, spesielt innan trafikksikring fordi styresmaktene satsar sterkt på utbygging av vegar, også motorvegar. Budsjettet vårt for i år er på 670 millionar kroner, fortel Nesset.

Han ventar også auke i eksporten til Sverige og Storbritannia. I dag utgjer Vik Ørsta sin eksport kring ti prosent av omsetninga. I år ventar Nesset at eksporten aukar med fem prosent. Vik Ørsta sin eksport går gjennom produksjonsselskap som er søsterselskap. Eksporten til Sverige og Storbritannia handlar om trafikksikring og lysmaster. Vik Ørsta sel elles bergsikringsprodukt til Singapore, Nord-Amerika og Finland. Det ligg an til ein eksportauke også her.

Det rår stor utviklingskompetanse i Vik Ørsta, ei bedrift som har intensivert produktutviklinga, og som har eigen fabrikk i Vik i Sogn og Fjordane der det vert drive produksjon av produkt til trafikksikring. Siste året har Vik Ørsta investert 20 millionar kroner for å byggje opp ei ny linje for lysmastproduksjonen. Dette har vore gjort i den tidlegare Grepa-fabrikken på Mosflata. I desse dagar held dei tilsette på å montere den nye linja på avdelinga i Skorgeura. Kjetil Nesset har store voner til denne linja som handlar om heilautomatisk produksjon. All utvikling er gjort i eiga bedrift, både innan formgjeving, konstruksjon og programmering.

– Vi kjem til å doble kapasiteten for lysmaster når linja kjem i gang. Vi har siste åra satsa sterkt på robotisering og automatisering av produksjonen. Den nye linja for lysmaster gjer m.a. at vi i år kjem til å levere mellom 10.000 og 15.000 lysmaster til Sverige, fortel Nesset.

Han gjer det klart at satsinga på automatisering vert gjort for å sikre arbeidsplassane. I dag har Vik Ørsta 200 tilsette for delt på Hovden og Skorgeura, og 75 tilsette i Vik. Dette talet har vore stabilt siste åra. Og det er ingen planar om nedskjeringar.

– Den effektiviseringa vi har fått til har resultert i auka sal, og kapasiteten vår er auka, seier Nesset som legg til at bedrifta brukar kring 35 millionar i året på automatisering og produktutvikling.

Han seier at bedrifta framover kjem til å levere mykje rekkverk til vegar med mykje tungtransport og høge hastigheiter. Siste tre månadene har Vik Ørsta utført testing av skivebaserte midt- og siderekkverk i Frankrike. Det vert også satsa på utvikling av røyrrekkverk for vegane. Vik Ørsta er godt inne i den norske marknaden for levering av skjenerekkverk, og leverer årleg kring 600.000 meter slike rekkverk her i landet, og 200.000 utanlands. Samla leverer Vik Ørsta ein million meter rekkverk i Noreg i 2017. Dette er rekkverk av rør og skjener i tillegg til bru- og midtdelarar.

Jubilerer

Vik Ørsta fyller 70 år dette året. Tidlegare i vinter feira bedrifta dette med ei storhelg i Loen der kring 300 tilsette inkludert deira familiar tok del.

– Det er spesielt for ein syttiåring at vi aldri har hatt underskot. Vi er optimistar og ser store moglegheiter for framtida. Vi satsar på område i vekst og er ein svært levedyktig jubilant, seier adm.dir. Kjetil Nesset. Han rosar tilsette for innsatsen og for høg kompetanse. – Eg vil også skryte av eigarane våre som fører tilbake pengar i bedrifta og reinvesterer og satsar.

Nøgd: Adm.dir Kjetil Nesset i Vik Ørsta er godt nøgd med situasjonen for bedrifta. Han spår gode tider framover, ikkje minst innan trafikksikring. Foto: Roy-Arne Folkestad