Hamre kjem frå stillinga som dagleg leiar i Furene AS. Ho har jobba i 19 år i leiinga i Furene, og har også mange styreverv i bedrifter i regionen.

- Vi er stolte av å få henne med oss på laget, seier Jon Havdal, adm.dir. i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

- Hamre kan vise til gode resultat og har eit drivande engasjement, så vi er sikre på at ho er rett kvinne på rett plass, held han fram.

Sparebank 1 Regnskapshuset er landets nest største aktør på rekneskap og økonomisk rådgiving, og størst i bransjen i Trøndelag og Møre og Romsdal. Selskapet er eigd av Sparebank 1 SMN (95,2 prosent) og Sparebank 1 Søre Sunnmøre (4,8 pst.) Kundeporteføljen består av rundt 8.000 kundar. Hamre får ansvaret for å leie seks lokalkontor med rundt 40 tilsette.

Sparebank1 Regnskapshuset seier dei ny styrkar satsinga på Sunnmøre, og at tilsettinga av Hamre styrkar kompetansen på næringslivet på Sunnmøre.

Hamre startar i den nye jobben over sommaren.