Framlegget kom i driftsstyret i Volda i møte 14. mars, men fekk ikkje fleirtal.

Standal la fram at utanom barnet sjølv, er føresette den viktigaste samarbeidsparten i PPT-saker.

– Det er vesentleg for føresette at det er enkelt å oppsøke PPT-kontoret for personleg kontakt med fagpersonar og sakshandsamar. Med lokalisering av kontor i Ulstein vert reisa dit ei unødvendig stor hindring for føresette. Vanskane som har oppstått ved PPT-kontoret for Ørsta og Volda er av mellombels karakter. Det finst ingen garanti for at slike vanskar ikkje oppstår ved eit større kontor. Sjølv ved eit større kontor er det ikkje i einskildsaker prisgitt at sakshandsamaren har god nok kompetanse, la han fram.

Tidlegare i mars har kommunestyret i Ørsta sagt ja til å slå PP-tenesta saman med tenestene i Ulsteinvik, Volda og Hareid til ei felles PP-teneste for desse kommunane, frå 1. august. Hovudkontoret vert i Ulsteinvik. Vedtaket er ei følge av at Volda gjekk ut av den felles tenesta for Ørsta og Volda i fjor.

– Brukarar har krav på ei teneste som vi ikkje klarer å levere med dagens organisering. Vi klarer ikkje å rekruttere fagkompetanse og vi klarer ikkje å rekruttere leiar, har rådmannen i Ørsta tidlegare uttalt.

I driftsstyret i Volda gjekk fleirtalet med sju personar (mot to som røysta for framlegget til Standal) for administrasjonen si tilråding. I vedtaket frå driftsstyret rår dei kommunestyret til å godkjenne samarbeidsavtale om regionalt samarbeid om PPT, og at Volda kommune inngår samarbeid dersom tre eller fleire kommunar godkjenner avtalen. Dei legg også til at om Hornindal kommune ønskjer å gå inn i samarbeidet, kan dette skje utan ny politisk handsaming av saka i dei fire samarbeidskommunane. Volda og Hornindal kommunar har vedteke å slå seg saman frå 1.1. 2020. Hornindal er frå før med i det interkommunale barnevernet.

Kommunestyret i Volda skal handsame saka 30. mars.