Skår har vore utan ferjeanløp i vinter

– Dette er ei kjempesak for Hjørundfjorden. Det var ein nedtur då det vart nei til utbygging av konsesjonskraft på Skår, men no føler vi bygda er på offensiven igjen, seier ordførar Stein Aam i Ørsta til Møre-Nytt.

I fjor haust kom meldinga om at Fjord1 nekta å halde fram å bruke den slitne ferjekaia før ho vart utbetra. Skår ferjekai er ei av svært få i landet som er i kommunalt eige. I vinter har skyssbåten vore einaste måte å kome seg til og frå bygda.

Ørsta kommune tok på seg ansvaret for utbetring av kaia, og arbeidet har hatt ei kostnadsramme på 330.000 kroner.

Nye plater

Hovuddelen av utbetringa no består av utskifting av fenderplatene langs kaia, og avstiving av kaia mot land. I tillegg er lyset utbetra, med lys både mot sjøen og på land. Kaihuset ved ferjekaia er også pussa opp med mellom anna ny bordkledning.

I tillegg vil teknisk seksjon i kommunen leige inn dykkar til å kappe stålpilarar som er monterte ved kaia.

– Desse kan vere farlege, til dømes ved bading ved kaia, seier Rolf-Magnus Sundgot, seksjonsleiar teknisk.

Arbeidet er planlagt fullført denne veka. Ordføraren er godt nøgd med arbeidet til administasjonen i denne saka.

- Dei på teknisk har gjort ein svært god innsats med å få dette prosjektet på beina.

I dag er det to fastbuande på Skår. I tillegg blir gardshusa i bygda brukte som fritidsbustad. Kaiproblema på Skår var ei av årsakene til at grunneigarane og kommunen ønskte å bygge ut eit kraftverk i bygda. Tussa ville ta på seg å utbetre kaia dersom dei fekk kraftkonsesjon.

– Når vi no får på plass ei utbetra kai, gir det grunnlag for framleis lys i vindauga i bygda, seier prosjektleiar Per Ivar Lied i Ørsta kommune.

Turisme

Dei siste åra har det vore aukande turistaktivitet på Skår, særleg i form av toppturgåarar som brukar Skår som endepunkt for turar til for eksempel Skårasalen.

– Vi er no i gang med arbeidet med ein masterplan for reiseliv i kommunen. Men ein plan i seg sjølv fører ikkje til så mykje. Konkrete tiltak er også naudsynt, og det er dette eit godt døme på, seier Lied.

Det er også planlagt ein fase to for ferjekaia i bygda.

– Vi har sikra oss den gamle ferjelemmen frå Eidsdal ferjekai. Denne ligg no lagra på Standal. Dersom det i neste kontraktperiode blir sett inn ei større ferje på Hjørundfjorden, vil vi montere denne. Då må det også monterast ein ekstra pullert på kaia, seier Sundgot.

Det lykkast ikkje Møre-Nytt å kome i kontakt med grunneigar Johan Skår måndag.

Kaihus: Kaihuset på skår blir også pussa opp i samband med arbeidet. Foto: Per Ivar Lied